I starten av februar sette eg og den mest faste av skikompisane oss i bilen og køyrde frå Vang til Gardermoen. Derifrå tok vi fly til Sofia, hovudstaden i Bulgaria, før reisa vart avslutta med ein tomtimars busstur med innlagd «junkfood-stopp». Så var vi der. Endeleg! I Bansko. Pudderparadiset over alle pudderparadis. Kjent får skifilmar, kulørt skipresse og bloggpostar på verdsveven.
For ein total nedtur det skulle verta!
Eit fint fjell, bra mat, eit symjebasseng og ein liten fest då og då heldt motet oppe gjennom heile den druge veka turen vara. For borte var all den djupe snøen. Heilt borte. Litt sløsj, mykje skare, fleire solgløtt og generelt heilt forferdeleg føre var det vi fekk.
Samstundes hadde Tyin–Filefjell tideanes januar og februar. Nysnø nesten kvar dag og stabilt med minusgrader.
Ikkje veit eg kven av oss to vangsjgeldingane som var mest bitre. Greitt nok med dei som hadde teke turen frå Oslo. Der var det same kva ein møkkavinter. Vi derimot...
Ei oppleving som dette tvingaer fram nokre refleksjonar hjå ein djupsnøglad skikøyrar. Mange reflfeksjonar. Eg skal ikkje gå i detalj på destruktive tankar kring eigen stupiditet over det å forlate Vang denne veka – men den største erkjenninga fortener litt plass her. Og den er at «vår eigen» Tyin–Filefjell er ein destinasjon for framtida. Med sesongslutt i starten av sumarmånaden juni og toppstasjon på 1280 moh. er vi innanfor.
Godt innanfor.
Vi beheld vinteren vår der mange andre mister han. Utan skadefryd (klimaendringane er for seriøse til at ein kan koste på seg det) så må meg innrømme at det kjennest godt.
Djupsnø på Tyin–Filefjell er nemleg eit gode eg ikkje vil leve utan.