Tradisjon tro starta fredagskos-sesongen med Pizzabuffet på Mjøsvang. seksti personar sat til bords, og fleire kom til utover kvelden.
Denne gongen fekk deltakarane møte elleve nye vangsgjeldingar, kor sju av dei har kome til kommuna heilt nyleg. Nokre har kome med ektefeller, har flytta heim, eller fann jobb under kampanja "30 jobbar" tidlegare i år.
Quiz, pratefest og godt lag utover kvelden tyder på at det vert ein flott fredagskos-sesong utover vinteren! Vel møtt neste gong!