Her er tipsa for deg som vil støtte lokalt næringsliv og samstundes sikre deg dei beste julegåvene.
Det er enno god tid til jul og utallige gode grunnar for å droppe svart fredagshandel til fordel for smarte og lokale julegåver. Her er våre tips til dei beste julegåvene frå Vang.
Mat
Lokalt mat hjå både eteplassar og direkte frå produsent jekkar opp jula nokre ekstra hakk.
- Kjøp eit gåvekort på middag - dei fleste serveringsplassar i Vang tilbyr det. Send bestilling via e-post eller slå på tråden. Sjå til dømes korleis Tyinkrysset fjellstue løyser det.
- Fyll opp med lokalmat under treet (og i frysaren). Dette er gåva som gjev gong på gong gjennom året.
- Sett saman di eigen julekasse med til dømes lokal gris, lokal rakfisk, lokal bakst og lokal sjokolade - alle produsentane ligg her på vangivaldres.no.
Miniferie
I Vang kan det vera helg midt i veka for den som ynskjer det. Eller heile helga om det passar betre.
- Helgetur til eit av hotella eller fjellstuene i høgfjellet.
- Kva med å unne seg nokre dagar langs Kongevegen over Filefjell?
- Unik natt i Arctic Dome Valdres.
- Prøv ein støl - mange av dei ligg på AirBnB. Ellingbø gard har elles spesialisert seg på dette.
Opplevingar
Vang er ei leikegrind, kvifor ikkje leike litt i vinter?
- Med fire proffe aktivitetstilbydarar med litt ulik profil er det enkelt å oppleve noko nytt i Vang.
- Eit dagskort eller årskort til skiheisen på Tyin-Filefjell eller i Raudalen er ei gåve som varar heile vinteren.
- Behandling (og varer) hjå Belindas hud og velvære er alltid topp kvalitet. Elles er Veronica Lungu fersk og lokal gründer og har starta opp to nettbutikkar med hudpleieprodukt.
- Gåvekort på landets råaste badstuoppleving - Eldmølla på Leirholshøgde.
Utstyr og utsmykking
Det er ofte ting som ender under treet. Her er nokre plassar å skaffe desse tinga her i Vang.
- Intersport Filefjell har den beste servicen og alltid gode tilbod.
- Lokale handverksprodusentar byr på sjel, stil og sjarm.
- Tindulf hyttebutikk i Vang sentrum har både elektro og interiør til hytta.
- Monter Kvismo og Øye Bygg og bo er elles gode tips for å finne julegåve til den som har det meste.
- Vil du kline til har Vang Auto-Serivce AS mykje som lagar grom lyd og tek all plass under treet.
Til den som har alt
Er ikkje det dei fleste, no for tida?
- Eit gåvekort på måling av vegg, felling av tre eller det annekset ein har prata om i alle år. Avtal direkte med leverandørar innan ulike fagfelt - du finn alle på vangivaldres.no
- Gje ei julegåve til eit av løypelaga på vegne av deg og familien.
- Gje medlemskap i klatreklubben, nystarta Tyin IL eller eit av dei andre idrettslaga i Vang. Du finn dei i MinIdrett og/eller på eigne heimesider.
- Teikn abonnement hjå Ryfoss treningssenter.
- Kjøp ein kurv. Alle likar kurv! Dei får du anten på ein av matbutikkane eller rett frå produsent.
Bakteppet for at det å handle lokalt er ekstra viktig kjenner vi alle. Påska gjekk i vasken. Sumar og haust var bra for mange. No er det ei litt for roleg førjulstid utan både julemarknader og normalt mengde besøkande.
God handel og god førjulstid!