Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er stillingane.
- Barne- og ungdomsbibliotekar – Vang kommune
- Etatssjef for oppvekst, kultur og integrering - Vang kommune
- Miljøarbeidar - Gullringen Bufellesskap - Vang kommune
- Assistent ved Vang Barne - og Ungdomsskule - Vang kommune
- Kokk - Fondsbu DNT
- Montør/Elektrikar - Elekstrisk Installasjon AS
- Bilmekanikar - Vang Auto-Service AS
- Bensinstasjon/butikkmedarbeidar – Vang Auto-Service AS
- Sjukepleiar - Vang kommune
- Helsefagarbeidar - Vang kommune
- Områdesjukepleiar - Vang kommune
- Sjukepleiar (vikariat) - Vang kommune
- Dagleg leiar - Intersport Filefjell
- Helgestilling Vangsheimen - Vang kommune
- Vernepleiar – Vang kommune
- Røyrleggarar - Entrepenørar i Vang (Innovangsjon som kontaktpunkt)
- Monteringslag, snekkarar – Entrepenørar i Vang (Innovangsjon som kontaktpunkt)
- Fagarbeidar i miljøtenesta - Vang kommune
- Kvilande nattevakt i miljøtenesta – Vang kommune
- Helgestilling i miljøtenesta (3 stillingar) - Vang kommune
- Tilkallingsvikarar i miljøtenesta – Vang kommune
- Støttekontaktar - Vang kommune
- Daglig leder/medeier - Bookkeeper
- Unike kontorplassar - Kontorfellesskapet 1724, Synshagen næringspark, Føsse fotostudio
-
Sjå alle utlysningane her
Vang i Valdres
Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter.
i Vang får alle barnehageplass umiddelbart og frå nyttår 2017 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.
Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.
Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).
Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).
Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no
No er det tjue ledige stillingar i bygda, noko som betyr at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang, kan finne jobb i Vang.