Kommune, næringsliv og Innovangsjon samarbeider om tidenes jobbkampanje i Vang.
Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er dei ledige stillingane
- Sjå alle utlysningane her
- Avløysar - Thune og Ellingbø samdrift (NB: NY!)
- Butikkmedarbeidarar - Joker Tyinkrysset (NB: NY!)
- Tannlegesekretær - Vang tannlegekontor (NB: NY!)
- Kokk/kjøkkenansvarleg - Eidsbugarden hotell/Elvebredden catering (NB: NY!)
- Personalkonsulent - Vang kommune
- Snekker (2 stk) - Vang bygg AS
- Butikkmedarbeidar og kontorsjef - Elektrisk Installasjon AS
- Avdelingsleiar bufellesskap i miljøtenesta - Vang kommune
- Hotellpersonell - Eidsbugarden Hotell
- Kontorsjef med fagbrev snekker - Jotun bygg AS
- Barnevernpedagogar, miljøarbeidarar m.m. i bufellesskap (10-12 stillingar) – Vang kommune
- Prosjektstilling, etablering av bufellesskap - Vang kommune
- Personlig assistent - Torstein Lerhol/Aleris AS
- Tømrer/lafter - Herbert Mollenhauer AS
- Prosjektleiar VangsRiva - Vang kommune
- Fjellstuedriver - Tyinkrysset fjellstue
- Miljøarbeidar i bufellesskap i miljøtenesta – Vang kommune
- Fjellførere/guider - Tyin aktiv
- Fjellstovedrivar - Tyinstølen turisthytte
- Personleg assistent - Vang kommune
- Helgestillingar pleie– og omsorg - Vang kommune
- Arbeidande formann – TK totalbygg
- Lærar ved introduksjonssenteret – Vang kommune
- Rørlegger - Tyin VVS
- Testplass på Kontorfellesskapet 1724 - 1724/Høge sprang
- Ledige kontorplassar - Synshagen næringspark og «Føsse fotostudio»
Vang i Valdres
Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.
Her får alle barnehageplass umiddelbart og hausten 2016 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.
Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.
Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).
Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).
Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no
No er det tretti ledige stillingar i kommunen, noko som gjer at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang kan finne jobb i Vang. Snekker, tømrer, barnevernspedagog, miljøarbeidar, personleg assistent, rørleggar, fjellstuedriver, vernepleier, hotellpersonell, butikkmedarbeidar,assistent, kontorsjef, prosjektleder, pedagog og lærer er fagområda ein søker arbeidskraft innan no.