SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral.
2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar.
Det er tauredningskurs i Vang, to grupper på seks personar bruker helga til å lære seg korleis dei skal kome seg ned og opp bratte fjellskrentar, med og utan båre. Nye ferdigheiter som kjem deg og meg til gode, om vi skulle gå oss fast i fjellet og trenge hjelp til å kome oss ut. Røde Kors er ein essensiell del av beredskapen i Vang.
Humor og samhold
På landsbasis er det om lag 6.000 frivillige i søk- og redningstenesten til Røde Kors. Grunde Hansen frå Gjøvik Røde Kors er kurshaldar denne helga i Vang, og skryt av det lokale korpset. - Mitt inntrykk er at Grindaheim Røde Kors er veldig sjølvberga, dei er flinke på å ordne med opplæring av nye medlemmer og har masse kompetanse innad i laget, fortel han mellom instruksjonane. - Og så har dei mykje humor!
Dette kan kursdeltakarane skrive under på. Amalie Skar Vinje er ein av to medlemmar i korpset under 18 år. Ho fortel at det er veldig god stemning når gjengen møtast, enten det er på trening eller på oppdrag. - Det føles som ein utvida familie, seier ho, - vi kjenner kvarandre godt og har det veldig artig saman. Ho synest det er lærerikt og spanande å delta i Røde Kors, fordi ho får prøve seg på mykje forskjellig, og trene på å takle det uforutsigbare.
Som alle godkjente medlemmar i Røde Kors har ho gjennomført eit 30 timars grunnkurs i kvalifisert førstehjelp. I tillegg har ho tatt skredkurs, og no satsar ho altså på å bli sertifisert som taureddar. Dei som er under 18 får berre delta på henteoppdrag, ikkje leiteoppdrag. Amalie skryt av samhaldet i korpset, og anbefaler andre unge å bli med. - Det blir tatt hensyn til at vi er ungdom, og dei vaksne er veldig gode støttespelarar. Om du har interesse for dette vil eg absolutt anbefale å bli med, seier ho.
Å redde liv
At det er aldersgrense på søkeoppdrag kan ein lett forstå. Det er ikkje alltid det går bra, og det må ein som frivillig i Røde Kors vere førebudd på. Egil Karlsen er ein av dei erfarne, og har vore med på oppdrag med negativt resultat. - Det er ein del av grunntreninga, fortel han, å vere førebudd på at det ikkje alltid går bra. Men ofte går det bra, og det er dei historiene som gjer det så meiningsfylt å vere frivillig. Seinast i vinter redda vi mest truleg to liv! Det er jo ein heilt fantastisk følelse, eigentleg. Det gjer noko med deg, fortel Egil.
Guro Kvam er einig. Å gjere noko som er meningsfylt, samtidig som ein får vere ute i naturen, det er det som gjer at ho er frivillig. Gjengen blir ståande å prate opp det heftige oppdraget i vinter. Snø og vind gjorde at dei ikkje såg meter’n framom seg, dei køyrte berre på GPS, dei fall til botn i djup snø når dei stega av skuteren, og det er i det heile tatt utruleg at det gikk så bra som det gjorde.
Det var kanskje eigentleg ikkje forsvarleg å dra ut, men hadde dei ikkje gjort det hadde mest sannsynleg to menneske mista livet. Det gjer inntrykk å høyre dei fortelje om den dramatiske redningsaksjonen. Tenk at denne beredskapen er tufta på frivilligheit.
På frivillig basis
Offentleg tilsette har rett på 10 dagar fri med løn pr år når dei blir kalt ut på oppdrag. Slik er det ikkje alltid i privat næringsliv. Grunde fortel at Røde Kors sentralt kjemper for å få fleire rettigheiter og meir kompensasjon for denne viktige bereskapstenesta.
Egil er næringsdrivande og arbeidsgivar, og bedrifta hans er i særstilling når det gjeld Røde Kors. - Tre av våre sju tilsette er frivillige i laget! Det er klart det merkast økonomisk. Firmaet taper 7.000 kroner pr dag pr person som ikkje er på arbeid, og då kan du gange det med tre om vi alle dreg ut på oppdrag. Kvifor vi likevel gjer det? Dumskap? humrar han, men tek seg fort i det, - Nei, det er jo fordi vi meiner dette er viktig og riktig. Og det er artig, vi har eit godt fellesskap. Men det burde absolutt vore kompensert på noko vis.
Grunde fortel at det ofte er enklare å få fri med løn i mindre bygder. Her er vi tett på naturen og alle kjenner til den viktige jobben dei frivillige gjer. I større byar og større bedrifter kan det vere vanskelegare. Egil seier at dei i Vang opplev eit veldig godt samarbeid med kommunen. Så har dei også hatt ekstra tett samarbeid dei siste åra, og gjort ein enorm innsats under pandemien; dei køyrde utallige transportoppdrag og bemanna teststasjon i lange perioder. Også når stormen tok straumen i fleire dagar var det Røde Kors som bemanna vakttelefon.
- Vi får god anerkjennelse for den innsatsen vi gjer for kommunen, stadfestar Egil.
Å utfordre psyken
Men at det også er positivt at beredskapen er tufta på frivilligheit, er gjengen einige om. - Det er jo noko veldig flott med at alle kan vere med og gjere ein innsats, seier Guro. No er det hennar tur til å fire seg over kanten. - Eg har litt angst! erkjenner ho, det er sleipt i bergveggen, no vil ho få det unnagjort så ho slepp grue seg lengre. Grunde har sett fleire folk med ‘velutvikla respekt for høgder’ som han kaller det, meistre oppgåva. Det er alltid dobbel sikring, om eit tau skulle ryke skal det vere eit anna som held deg fast. Det hender ein må bruke litt tid på å få folk til å stole på utstyret. Men det er ikkje berre utstyret som skal berge deg, her står ein heil gjeng og heier, støtter og held deg på ulike vis. Guro kjem seg ned. - Det er jo deilig å meistre noko som utfordrar psyken litt, smiler ho.
Også Amalie taklar fjellvegen godt, ho har nokon timar i klatreveggen i Vangshallen bak seg, og både kurshaldar og dei andre deltakarane blir imponert. Pappa Harald Skar er sjølv med som frivillig, og filmar stolt dottera i aksjon. - Det er ein veldig fin gjeng. Nokon har vore med veldig lenge, og vi har nye som kjem inn. Ein kan delta på ulike aktivitetar ut frå kva slags kompetanse ein har, og dei som leier laget har god kunnskap om kven som kan takle ulike oppdrag. Eg synest korpset er veldig flinke til å inkludere dei nye, så her er det berre å bli med, seier han, og Guro bekrefter; - Vi treng fleir frivillige!
Faktaboks
- Stifta 27/04/1949
- 15 – 20 aktive frivillige
- Kontaktperson: Anders Belsheim; andersbelsheim@hotmail.com // 93083750
- Vil du bli frivillig? Her kan du lese meir om kva som krevst og kva Røde Kors tilbyr, og melde din interesse: https://www.rodekors.no/hjelpekorps/
- Grindaheim Røde Kors hjelpekorps er eit av to hjelpekorps i Vang, i tillegg til Høre/Vestre Slidre Røde Kors hjelpekorps. Kontaktperson her er Ola Bakke; hvsrkh@rodekors.org // 91887294
- I tillegg til hjelpekorpset har Grindaheim Røde Kors ei besøksteneste. Kontaktperson her er Inga Bøe, inga-vang@hotmail.no // 91194917