_DSC4304.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Aksjon for Kvamskleiva

Aksjon for Kvamskleiva

16. februar 2015

Det vart bråstopp ved Kvamskleiva for samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på tur gjennom Vang måndag. Byggjestart i 2016 er kravet frå aksjonsgruppa. 

Aksjonsgruppa ved Tone Lajord og Bjørg Olimb, saman med gode hjelparar frå Vang Autoservice, stod bak aksjonen. 

– Problemet her er at planarbeidet er ferdig i rute til neste vår, men at finansieringa er sett på vent til perioda 2018–2023. Dette lyt vi få samferdselsministeren til å forstå kor alvorleg er, og syte for at pengane kjem på plass til neste år, fortel Tone og Bjørg i Aksjonsgruppa.

Vang Autoservice syta for å stoppe samferdselsministeren på rasteplassen rett vest for Neset. Han tok seg tid til å høyre på kva Bjørg og Tone hadde å seie, men vokta seg vel for å love noko til aksjonistane. 

Etter nokre minutt var samferdsleministeren tilbake i bilen, men resten av turen forbi Kvamskleiva gjekk heldan ikkje knirkefritt. Rett vest for tunnelen møtte han to store lastebilar og det vart (som det brukar å verta når store bilar kjem her) bråstopp for bilen til Solvik–Olsen.

Appelen frå Aksjonsgruppa

Her er beskjeden Solvik Olsen fekk ved Kvamskleiva:

«OPPSTART AV TUNNEL I KVAMSKLEIVA 2016/2017!!!!

Kjære samferdselsminister. 
Nå har vi gjort vårt....!
Alt av planarbeid, reguleringsplaner og byggeplan vil være på plass i løpet av våren 2016. 
Midler til rassikring av Kvamskleiva ligger inne i Nasjonal Transportplan (NTP), men først i perioden 2018/2023!
KVAMSKLEIVA ER DEFINERT SOM DEN MEST RASUTSATTE VEISTREKNINGEN PÅ HELE E–16.
Dette arbeidet kan startes opp i 2016, om midlene som er satt av i NTP bevilges tidligere enn oppsatt. 
Må det gå liv tapt i denne tunnelen i påvente av forsinket oppstart? 
På bakgrunn av dette forventer vi at dere som ansvarlige politieker sørger for oppstart av tunnelbyggin høsten 2016!
Takk!
Hilsen aksjonsgruppa «Tunnell i Kvamskleiva E–16 start»»