Tre klubbkvelder i veka, barneklatring, fleire kurs og heilt «ny» klatrevegg står på programmet for Vang klatreklubb denne hausten.
- Det er ikkje noko problem å klatre om alle held seg til korona-retningslinjene, og det har fungert særs godt i sommar. Difor har vi ein haust med full aktivitet på mange nivå, fortel leiar i Vang klatreklubb, Linda Jevne.
Kurs, dungad og nye ruter
Det er spikra to brattkort-kurs og eit teknikkurs for hausten. Klubben har eigne instruktørar som held brattkortkursa, mens det kjem «proffar» for ruteskruing og teknikk-kurs.
- Martin Mobråten er ein av dei dyktigaste klatrarane i landet og driv med trening av klatrar ved sidan av, så her har klatrarar på alle nivå høve for å få gode tips.
I forkant av teknikk-kvelden vert det dugnad med ned- og oppskruing av alle klatretaka i veggen, med rabattert kurs for dei som deltek.
– Nedskruing av veggen byrjar onsdag 26. august og vi satsar på å ha vanleg klubbkveld frå fredag 4. september att. Alle som vil er særs velkomne på dugnad frå klokka fem onsdag, det er bare å møte opp, seier Jevne.
Her er oversikt over kursa - påmelding via facebooksida. Evt via epost til lindajevne@hotmail.com.
Teknikkurs: 2. sept. (begrensa plassar)
Brattkort1: 11. og 18. sept.(begrensa plassar)
Brattkort2: 14. og 21. sept (begrensa plassar)
Klubben treng hjelp frå fleire klatrevakter for å kunne halde ope tre gonger i veka, så ta kontakt via facebooksida eller sei i frå på klatring om du ynskjer å bidra.
Nye investeringar
Klubben møter også hausten med nytt utstyr som gjer klatringa enklare, tryggare og meir tilgjengeleg for alle.
– Vi var så heldige å få støtte av UDI i sommar og desse pengane har vi nytta til to nye «auto belayer» (automatisk topptausikring) og nye barneklatretak, fortel Jevne.
I samarbeid med Vang mottakssenter vert det gratis klatring for borna på mottaket ein time kvar veke denne hausten.