Screenshot 2015-03-04 11.09.41.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Allsidige og aktive Vang IL

Allsidige og aktive Vang IL

28. november 2023
Med mange varierte tilbod til medlemmane sine er Vang IL truleg eit av bygdas mest allsidige idrettslag. Dei samlar både små og store til treningar og leik fleire gonger i veka!

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

AV: Ida Nordland Hillestad. 

- Per dags dato er me rett i overkant av 200 medlemmer i idrettslaget. Det er me veldig fornøgd med, smiler Hanne Tveit, leiar i Vang IL. 

Vang idrettslag er eit særs allsidige lag, med alt frå BMX tilbod til håndball, aerobic, pistolskyting, alpint og mykje meir! Med ein så stor bredde, favner ein også fleire interessefelt og mange møtes på tvers av alder og bakgrunn. 

- Generasjonsmøter er alltid kjekt, og det blir det ein del av under dei ulike aktivitetene. I tillegg møtes ein på tvers av kultur og bakgrunn, det er veldig fint, seier Tveit. 

 

Aktivitetar for alle sammen

Vang IL ble stifta i 1912 og har vore eit aktivt idrettslag sidan den gong. I dag har dei ein rekke ulike aktivitetar gjennom heile året, på fleire ulike plassar i bygda; Filefjell, Vangshallen, Åsvang samfunnshus, Makkenparken og Thorpe grendehus. 

- På Filefjell har me aktivitet med Vang IL alpin og freeskigruppe kvar fredag og søndag! Dei arrangerer skitrening og skileik for dei minste i barneheisen, medan dei som klarar å ta T-krokheisen sjølv trener på parkkjøring; hopp og rails, i tillegg skiteknikk og portkjøring, fortel Tveit. 

- Me håpar dette er med på å skape eit godt skimiljø på vår heimebane Tyin Filefjell skisenter, og gjøre barn og ungdom glade i skiaktivitet. Samt lære seg dei grunnleggande skiferdighetene, smiler ho. 

I Vangshallen er det aerobic og hånballtrening, medan det er miniatyr og pistolskyting i underetasjen. BMX-treningene foregår i Makkenparken ved Mjøsvang og skateparken ved VBU på sommerstid, medan på vinterhalvåret har dei treningar i Thorpe grendehus. I tillegg er det fast volleyball på Åsvang! 

- Ettersom det er så mange ulike aktivitetar i Vang IL har alle grupper eigen kontaktperson og ansvarleg. Det fungerer veldig fint, vi har mykje flinke folk med oss både som trenarar og i styret, fortel Tveit. 

 

Positivt å engasjere seg i frivilligheta 

Hanne har vore medlem i Vang IL i 16 år og har vore leiar i seks år no. Ho fortel at idrettslaget er ein fin plass å møte sambygdinger og at ho er særs engasjert i barn og unge. 

- Eg har alltid vore veldig engasjert i dei unge og at dei skal få halde på med aktivitetar dei likar. Difor er det ekstra gøy å vera leiar i Vang IL, der me har så mykje forskjellig, seier ho. 

- I tillegg har eg jo veldig tru på at å vera aktiv og føle på mestring, har ein veldig positiv påvirkning på vår mentale helse, anten ein er ung eller gamal, smiler Tveit. 

Ho fortel at det er godt samhold og mykje positivitet i dei ulike undergruppene, og at det alltid er plass til fleire aktive medlemmer. 

- Anten du vil vera med å delta på aktiviteter, eller du vil stille opp som frivillig er du hjertelig velkommen! Eg trur nesten aldri det blir nok frivillige, ler Tveit. 

 

Sjå fleire bileter frå dei ulike aktivitetene i Vang IL nedanfor.