- Eg blir utruleg rørt når eg pratar om dette, for det betyr verkeleg alt for oss. At soknerådet i Vang er så opne og rause, er verkeleg fantastisk! Dette løfter fram at det er plass til alle i kyrkja, seier Ragnhild Lund, leiar i Valdres pride.
Tysdag 13. juni er nemleg fyrste gong det blir arrangert regnbogemesse i Valdres. Regnbogemessa er ope for alle som ynskjer, og kyrkjerommet vil vera fylt med kjærleik, mangfold og fargar denne dagen.
- Kyrkja er jo eit veldig godt sted å vera, og eg tenkjer at når alle fordommer blir liggande igjen på utsida, så er dette rommet fylt med berre kjærleik. Og det er utruleg fint å tenkje på, smiler Lund.
- Regnbogen blir temaet i messa
Ei regnbogemesse er i utgangspunktet ei vanleg gudstjeneste, men som er litt ekstra fargerik og har fokus på mangfold og inkludering. Sokneprest i Vang, Ingebjørg Vik Laugaland er glad og stolt over at Vang no skal ha si fyrste regnbogemesse.
- Valdres pride var tidleg ute med å spørre om nokon av soknerådene i Valdres var interessert i å vera vertskap for regnbogemessa i år. Soknerådet i Vang var utruleg positive, og sa ja med ein gong, smiler Vik Laugaland.
Regnbogen i bibelen er eit teikn på fred og håp. Sokneprest Vik Laugaland fortel at det er nettopp regnbogen som skal vera det gjennomgåande temaet under messa.
- Messa skal ha eit tydeleg fokus på mangfold, kjærleik og inkludering. Å vera forskjellig er utruleg fint, og det er jo nettopp det som gjer oss både rikare og sterkare. For kyrkja er det utruleg viktig å vise at alle er velkomne, og at alle vert inkludert og respektert for den dei er, seier ho.
Flotte innslag og nokre overraskelser
Ingebjørg fortel at det blir nydeleg musikk under messa og at regnbogen sjølvsagt skal hengast opp over alteret, og skal lyse opp i kyrkja.
- Det blir utruleg flott og me gler oss stort til å arrangere regnbogemesse, seier ho.
Ragnhild fortel at det vil komme ein operasanger som skal fremføre sangen Somewhere Over The Rainbow, Knut Aastad Bråten kjem og spelar langeleik og det blir sjølvsagt nokre overraskelser!
- Me kan ikkje avsløre alt no, men me kan avsløre at det blir veldig fint, smiler Lund.
Ho fortel at det allereie er folk som har takka for at det no blir arrangert regnbogemesse i Valdres.
- Den støtten vi får nå, av både ansatte og sokneråd er så rørande og vakkert. Det viser ein raushet og godhet som betyr alt. Vi er veldig takknemlege, avsluttar Lund.
Regnbogemessa i Vang kyrkje er 13. juni 19.00 og ope for alle!