Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell melder om at det framleis er flotte forhold på Kongevegen for dei som planlegg ein tur i haustferien.
- Sanden pensjonat har hatt sitt beste år i 2016. Auken i sumar har vore 20-40% per månad i sumar! Den glade meldinga kjem frå Jon Tamnes som er styreleiar for Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell og medeigar i Sanden Pensjonat og Handel på Lærdalsøyri.
- Kongevegen har vorte ein "snakkis"
Prosjektleiar Lisbeth Engebretsen fortel at mange av bedriftene i nettverket melder om auka tilstrøyming av folk som vil gå Kongevegen, og har auka omsetjinga med mellom 15 og 30 % denne sesongen!
Dei fleste besøkande tar dagsturar på utalte strekningar, eller har opphald på 3-4 dagar der de tar rundturar på Kongevegen og får med seg fleire av de flotte strekningane.
- All merksemd rundt Kongevegen over Filefjell (tildeling av vegdirektørens ”Vakre vegars pris” i 2014 og offisiell opning i august i år) har ført til at Kongevegen har vorte ein ”snakkis” og et reisemål for fleire og fleire. Alle kan bruke Kongevegen, både små og store. Den er perfekt for deg som vil nyte det beste av norsk natur, kombinert med fjellvandring i historiske fotefar, fortel Engebretsen.
Heilskapleg turistattraksjon
Bedriftsnettverket jobbar for at vegen skal bli eit kjent reisemål både hos nasjonale og internasjonale aktørar. 14 bedrifter er no medlemmer i nettverket som har inngått forpliktande samarbeid over kommunegrensene.
Dei fortel at ambisjonen er å få med fleire bedrifter langs vegen, og det overordna målet er å gjera «Kongevegen over Filefjell» til ei heilskapleg turistattraksjon og en fantastisk turoppleving.
Dei ynskjer å skape gode vekstmulegheiter for reiselivsbedrifter, småskalaprodusentar og handelsbedrifter i tilknyting til Kongevegen. Innovasjon Noreg støtter utviklingsprosjektet som er inne i sitt fyrste av tre år.
Sesongen 2016 har vore eit test-år for bedriftsnettverket, og dei evaluerer no erfaringane som er gjort, før planlegging av lanseringa av sesongen 2017.
- Tilbakemeldingane så langt er veldig positive, men no i startfasa ser me heilt klart mulegheiter for betring og utvikling av tilbodet i åra som kjem, avsluttar Engebretsen.