Mange born blei stimulert til meir leselyst gjennom årets Sommarles og deltaking i Vang har vore stor.
- Dette feirar vi med ei Sommarles-avslutning på Vang folkebibliotek laurdag 14. september frå kl. 12.00 med besøk frå tryllekunstnar Alexander Haugaas frå Tryllefabrikken, fortel Juliana Alexandra Bonin ved Vang folkbebibliotek.
Ved å blande humor, magi og musikk skaper Alexander den rette stemninga for barn i alle alder, og heile familien er velkomen.
– Etter trylleshowet kunngjør vi vinnaren av Sommarles hovudpremien - eit gåvekort på 1000,- sponsa av Valdres Sparebank. Det blir også utdeling av andre premien - eit gåvekort frå Norli Fagernes på 300,-. Tredje premien er ein spennande bok utvalt av Vang folkebibliotek, fortel Bonin.
Vinnarane blir trekt tilfeldig blant alle deltakerane i Vang.
- Vi håpar at mange tek turen til biblioteket.
Sommarles
Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no for barn i 1. – 7. klasse.
Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
Der får barna også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til XP kan barna gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.
Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS. Sommarles.no blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti A