Oppgardert symjehall med terapibasseng opnar for bruk måndag 29. oktober.
- I dag starta me fylling av bassengene noko som vil ta om lag ei veke. Etter at bassenga er oppfylt vil det gå fire-fem dagar med oppvarming, slik at åpningsdato for bassenget vert måndag 29. oktober, fortel Ove Martin Stende, leiar drift og vedlikehald i Vang kommune.
Etter at det vart bygd nytt terapibasseng og nye garderober i høve utbygginga av Vangshallen vart det fort tydleg at også det gamle symjebassenget trengte ei oppgradering. Det har skjedd i sumar og i haust.
– Alt av gamle fliser i bassenget vart fjerna før det vart lagt på ny membran og nye fliser, fortel Stende.
Også vegger og vindauge har fått ny måling og heile bassenget har fått nytt renseanlegg i kjellaren.
– Det har skjedd ein del på teknologisida så med nytt renseanlegg og nytt straumopplegg i kjellaren vil bassenget trekke mindre straum enn tidlegare, fortel Stende.
Opningstider frå og med 29.01
- Onsdager frå 17:30 - 20:00 (17:30-18:00 er reservert for småbarn og føresette)
- Fredagar frå 18:00 - 21:00.
Ellers har både Fjellblom IL og Vang revmatikerforeining bading på torsdagar for sine medlemmar.
Om nokon ynskjer å booke anleggetutanfor desse tidene er det høve for å booke på Vangshallen sine heimesider.