Eventbilde Vårtnabolag (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bebuarane på Vang Mottakssenter inviterar til eindagsfestival!

Bebuarane på Vang Mottakssenter inviterar til eindagsfestival!

05. september 2024
Til helga vert det eit herleg gjensyn med Vårt Nabolag på Vang Mottakssenter. Eindagsfestivalen, som kom til Valdres fyrste gong i 2017, er skipa av Oslo World, Vinjerock og Vang Mottakssenter for å invitere lokalbefolkninga inn til ein skikkeleg festdag mottaket.

Pressemelding; Vinjerock, Oslo World og Vang Mottakssenter. 

Bebuarane gler seg!

- For bebuarane er det veldig gøy å kunne invitere bygda heim. Dei gler seg spesielt til å servere fingermat, å syne fram dei forskjellige kulturene som er busett på mottakssenteret for tida, seier Maksym Harkusha som er Heroes koordinator for festivalen på mottaket.

Han synes det er viktig for mottaket å syne god naboskap og gler seg til at bygda kjem på besøk!

- Det er utruleg stas at bebuarane på mottaket ynskjer velkomen heim til seg og skaper fest for heile bygda!, seier avtroppande festivalsjef i Vinjerock, Guro Furunes Pettersen

 

Solid booking til årets nabolagsfest

Det er Furunes Pettersen som saman med Oslo World har stått for bookinga til årets festival og ho er særs nøgd med at konseptet kjem attende til bygda, og årets lineup.

- VårtNabolag er en viktig møteplass i et lokalsamfunn. Her møtes me på kryss og tvers av bakgrunn og omforenast om gode mat- og kulturopplevingar. Eit universelt språk!

Ho trekk og fram at det er utruleg godt med ein erfaren samarbeidspartner som Oslo World. Dei står både for konseptet og midlar inn til bookinga, noko Furunes Pettersen er særs nøgd med.

 

Årets program:
Det unge multitalentet Rambow har skapt ei solid fanbase allereie i ein alder av 19 år. Med kun fire singlar ute i 2020 vart Rambow kåra til «Årets Urørt» av NRK P3 i 2021. Same året var han å sjå på P3 Gull, og i 2023 vart han nominert til «Årets Gjennombrot» på P3 Gull. På Vårt Nabolag vert det sylskarp rapmusikk og røffe bars til dei som møter opp.

Igor Dunderovic er artist, dramatiker og komiker og er eit kjend andlete på norske scener. Han har gjesta NRK, TV2, P1, P2, P3, Norske Talenter, Eides Språksjov, og har gjeve ut fleire plater, til dømes “på feil side av låven”, som vart spellemannsnominert for beste barneplate i 2014. Saman med dei proffe jazzmusikarane Atlas og Nesa skal dei levere ein kabaretkonsert fylt av balkanjazz, barnleg glede og høg energi!

Sist men ikkje minst vil Ingrid Olava trollbinde festivaldeltakarane med si karakteristiske stemme og vakre pianospel!

I tillegg til tre heidundrandes konsertar kan borna i bygda glede seg til impro-kurs, trommesirkel og maskeverkstad, aktivitetar som vil gå gjennom heile dagen.

Gratis arrangement - artistar og aktivitetar - mat frå ulike verdshjørne