- Det er moro å få presentere eit program med berre lokale ressursar, seier biblioteksjef Marianne Riste.
Ho kan i år presentere eit rikhaldig program. Med lokale forfattarar, song og underhaldning, og sjølvsagt - i kjent stil skal ordførar Vidar Eltun dele ut pris til årets positive vangsgjelding!
Sett av 1. desember kl. 19:00 til ein triveleg og innhaldsrik kveld på biblioteket.
- Viss du vil sikre deg plass, meld deg på ved å sende ein e-post til biblioteket@vang.kommune.no eller ringe 61 36 94 26 i biblioteket si opningstid, smiler Riste.
SLIK SER KVELDENS PROGRAM UT:
* Hallgrim Børhus Rogn og Knut Lerhol fortel om den rykane ferske boka Badstufolk
* Anna Ødegården og Kari Hagaseth underheld med song
* Ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding
* Boksal ved Norli Fagernes