Jula nærmar seg, og tradisjon tru blir det bokkveld på Vang folkebibliotek, onsdag 7. desember kl 19:00. Då er også ordførar Vidar Eltun klar til å dele ut prisen til årets positive vangsgjelding.
Vinnaren er vald av formannskapet og leiaren i Ungdomsrådet.
– Det var mange sterke kandidatar i år, så juryen har hatt ei utfordrande oppgåve, men at valet vil bli godt motteke av folket i Vang er eg ikkje i tvil om, seier han. Han kan røpe at det i år er berre ein person som får prisen, i fjor var det brørne Egil og Terje Karlsen som var vinnarar.
I tillegg kjem Jørgen Norheim for å fortelje om den siste boka si, Aldri redd for mørkets makt, der handlinga er delvis lagt til Valdres. Norheim kjem frå Vestre Slidre og har tidlegare vore nominert til nordisk råds litteraturpris. Både hans og fleire andre bøker kan du få kjøpt, for Fagernes Libris er som vanleg på plass så du kan få gjort unna julegåvehandelen med det same.
I tillegg kjem Trond S. Paulsenog Joakim Gundersen og kåserer om Sputrefossen, og Erling Heen speler både slåtten om denne, og andre godbitar.
Meir musikk blir det også når Oddbjørn Skeie og Kristina Heensåsen speler og syng tonesette tekstar av Tor Jonsson, som vi feirar 100-årsjubileum for i år.
Sørre Hemsing står for serveringa, så her blir det føde både for kropp og sjel!
Velkomen til ein innhaldsrik kulturell kveld på biblioteket.