- Eg synes det er utruleg fint her, det var det fyrste som slo meg då eg kom. Det blir veldig spennande å bli betre kjent med bygda og kanskje til og med bli litt fjellgeit, ler Caroline Marlen Solie Bryntesen.
For knapt ei veke sida flytta ho frå heimbyen Fredrikstad, og til høgfjellet. No har ho tatt fatt på draumejobben som folkehelsekoordinator i Vang kommune, og kunne ikkje vore meir fornøgd.
- Det er kjempespennande å ha fått denne moglegheiten, eg var ikkje eit sekund i tvil om å takke ja, dette er ein utruleg god sjanse til å få relevant erfaring og få jobbe med deg eg likar aller best, seier Solie Bryntesen.
Ser fram til bygdelivet i Vang
Caroline har ein mastergrad i folkehelsevitenskap og har studert både i Elverum og Kristiansand, i tillegg er ho Fredrikstad-jente på sin hals.
- Eg er jo mest vant til storbyar med mykje folk, lange køer og lang ventetid, ler Solie Bryntesen.
- Så det blir jo veldig spennande å flytte til ei lita bygd der alle kjenner alle, og tilboda kanskje er litt annleis enn i byen. Eg vil tru ein må vera flink til å finne på ting sjølv og vera litt meir kreativ, og den tanken likar eg, smiler ho.
Caroline fortel at det er mykje ved bygdelivet ho gler seg til, blant anna har ho veldig lyst til å bruke tid på å gå i fjellet og utnytte naturen rundt seg.
- Ein må jo benytte sjansen til å bli kjent i området og besøke fjelltoppene her i bygda. Eg har jo eit lite mål om å bli litt meir glad i å gå på tur, så da er jo dette ein ypperleg stad å byrje, seier Solie Bryntesen.
- I tillegg har eg gravd fra nynorsk ordboka frå vidaregåande, så det er nok av spennande utfordringar å ta fatt på framover, ler ho.
Brennande opptatt av folkehelse
Med ein rykande fersk masteroppgave i folkehelse, er det ikkje til å leggje skjul på at det er akkurat dette Caroline er brennande engasjert i. Ho er difor svært motivert for å gjere ein god innsats for folkehelsa i Vang!
- Eg ynskjer veldig å gjere ein god jobb og verkeleg gjere mitt beste i denne stillinga. Så er det jo eit ynskje å dytte kommuna i riktig retning, og kanskje setje igjen nokre gode fotspor som eg vil bli huska for, ler Solie Bryntesen.
Ho fortel at det er mykje å setje seg inn i no i starten og mange hovuder å bli kjent med.
- Det er alltid litt overveldande å starte i ny jobb, men eg er blitt veldig godt tatt i mot og folk i Vang er så snille og hjelpsomme. Eg har hatt ein veldig fin start i jobben, eg kan ikkje sei anna, smiler ho.
No ser Caroline fram mot nye utfordringar og nye fjelltoppar i Vang! Velkommen til bygda!