Sjølvaste Cecilie Leganger kjem til handballskulen i Vang 25.-27. juni.
– Leganger dukka opp på Intersport Filefjell på slutten av vinteren og vi spurte rett og slett om ho ville koma til handballskulen vår, fortel Yvonne Mæland Solemsli i Vang IL si handballgruppe. Gruppa vart starta etter opninga av Vangshallen og har handballtilbod for ungar gjennom vinteren.
Denne handballskulen er for elevar ødt i 2007, 08, 09, eller 10 og går føre seg i Vangshallen frå 25.-27. juni.
– Anten du spelar handball eller har lyst til å byrje passar opplegget godt for deg. Og er det nokre yngre som har spelt handball før som ynskjer å bli med så ordnar det seg, fortel Yvonne.
Påmelding innen 10.06.2019 til vangilhandball@gmail.com.
Medlemmer av Vang IL Håndball deltek gratis. Elevar på Vbu betalar kr. 300,- mens andre betalar kr. 500,-. Dette dekker minst seks 6 handballøkter i hall, klatring, lunsj alle dagar, teknikkmerkje og diplom.
– Det er begrenset antall plassar, så her blir det først til mølla, avsluttar Yvonne. Om det er spørsmål kring handballskulen er det berre å ta kontakt med ho via eposten eller tlf 99267531.
Program
25/6:
Kl. 10.00-11.30 Håndball
Kl. 11.45-12.45 Lunsj
Kl. 13.00-14.00 Klatring
Kl. 14.15-15.45 Håndball
26/6
Kl. 10.00-11.30 Håndball med Cecilie Leganger
Kl. 11.45-12.45 Lunsj
Kl. 13.00-15.45 Håndball med Cecilie Leganger
27/6:
Kl. 10.00-11.30 Håndball - vi øver til teknikkmerke
Kl. 11.45-12.45 Lunsj
Kl. 13.00-14.30 Gjennomføring av teknikkmerke
Kl. 14.30-15.00 Avslutning - Utdeling av teknikkmerker og diplom.