Samfunnet går gjennom ei omfattande digitalisering. Dette byr på ei rekke utfordringar for veldig mange. Er du blant dei som synest det er vanskeleg å bruke datamaskina til alt du før ordna ved å ringe, skrive brev eller møte opp på døra hos nokon? Du er ikkje åleine!
Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral tar grep, og inviterer til datakafé på Vang folkebibliotek, måndagar kl 12.30. Biblioteksjef Marianne Riste og frivilligsentralleiar Marte Tangen vil gjere sitt beste for å hjelpe deg med dine digitale utfordringar.
Ta med eigen pc eller nettbrett om du har, om ikkje kan du låne hos oss.
Vi går gjennom ulike tema, men vil også tilpasse programmet til dei deltakarane som kjem og behova som oppstår.
Datakaféen er ope for alle – uansett om du kan litt eller ingenting. Her er det til og med lov å kome om du hatar data! Og om du synest dataen er dum, eller om du føler at det er du som er dum – vi lover at du skal føle deg betre ;)
Dette er emnene vi tenkjer å ta for oss dei første to månadene:
08.mars Enkel databruk: bli venn med PC'n
15.mars Nettvett: er det sant fordi det står på internett?
22.mars E-post del 1
12.april Mappestruktur og lagring
19.april E-post del 2
26.april Word: kva skal du med eit skriveprogram?
Vi minner om at vi også er i gang med Niste med noko attåt måndagar kl 11.30, så vi håper fleire vil bli med på begge aktivitetane.