Vang folkebibliotek tilbyr no gratis e-bøker og lydbøker gjennom appen Bookbites - og du kan bestemme utvalet.
– Vi har vi allereie kjøpt inn ei større krimpakke med over 50 titlar no til påske, fortel bibliotekmedarbeidar Juliana Bonin ved Vang folkebibliotek.
Målet er no å forme innhaldet i appen akkurat etter kva vangsgjeldingane ynskjer seg.
– Vi er opne for alle forslag om bøker. Send oss ditt bokynskje, så skal vi få det det på plass i appen, lovar Bonin.
Her finn du bøkene
BookBites er ein lese- og utlånsapp for nettbrett og mobile einheitar som gir tilgang til e-bøker og lydbøker gjennom ditt bibliotek.
For å koma i gang treng du e-postadresse og lånekort:
- Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
- Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
- Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
- Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les
Ikkje nøl med å ta kontakt viss du urer på noko, treng hjelp til å kome i gang med BookBites eller har eit bokynskje. Du får tak i oss via facebook, på e-post biblioteket@vang.kommune.no og via telefon 952 40 748 eller 928 64 607.
For andre digitale ressursar sjå http://www.valdresbiblioteka.no/.