Alt klaffar i Vang denne påska.
Det er for fint vêr til å gjera ei lang utgreiing om alt som er flott med denne påska i Vang. Her har du difor den korte versjonen.
Mange av hendingane dei neste dagane finn du i kalenderen her på vangivaldres.no. Vi kan mellom anna nemne langfredagsvaffel på Sydin Filefjellrennet på Filefjell Langfredag.
Løypestatus
Litt hardt på morgonen, men ellers superforhold i dei fleste løypenetta i kommunen er den korte oppsummeringa frå løypekøyrarane.
Slettefjell løypelag laut avslutte køyringa til påske då løypenettet ligg i solsida og fleire strekk var bare. Men både gamle løyper og skareføret er å anbefale i denne delen av kommunen.
Ellers er sjølvsagt anlegget på Tyin-Filefjell ope alle dagar og moglegheitene for ein topptur eller ti mange.
Framleis god påske til alle som feirar i Vang!