-Det blir nokre hektiske dagar. Mykje skal opp på kort tid så vi håper å få med oss mange hjelpande hender både tysdag, onsdag og fram til ting er på stell, seier mottaksleiar Henrik Rønnningen.
Vil du bidra? Kontakt Henrik på 47712654 eller henrik.ronningen@heroeurope.com.
I tillegg har Vang barne-og ungdsommskule eit ynskje om å hjelpe krigsflyktningane som kjem. Barn kan hjelpe barn!
- Det er viktig å kunne kjenne på gleda over å få hjelpe til. Vi treng å få lov å vere gode medmenneske, ha fokus på medborgarskap og gje ei hjelpande hand. Dette er sentrale element i skula sine læreplanar, og ikkje minst viktig som ein dugnad frå lokalsamfunnet, melder konstituert rektor Agata Gniewek Bøe.
Dei inviterer difor til ein innsamlingsaksjon tysdag 22. mars frå kl. 16.00 – 20.00 i foajeen på VBU.
- Skuleelevane tek i mot bidrag frå vangssamfunnet. Klede og ting vil bli sortert og organisert klar til levering på mottaket, før flyktningane kjem. Det blir servering av kaffi og kake. Det er veldig viktig at tinga er reine og i god stand! seier Agata.
Skula har vore i kontakt med mottaksleiar og det er sett opp ei liste over kva dei treng. Denne er distribuert til foreldra og innbyggjarar i Vang.
Elevane ved VBU har allereie vore med å jobba på mottaket for å klargjere til flyktningane kjem. Dei vil også bidra i dagane som kjem. VBU vil organisere fleire små og større prosjekt utover våren for å kunne hjelpe flyktningane, og det vil nok også bli behov for andre frivillige til å bidra med aktivitetar. Dette vil det kome meir informasjon om seinare.