SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral.
Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!
I 1991 tråtte HVPU-reforma i kraft; Helsevern for psykisk utviklingshemmede. Då skulle ansvaret for psykisk utviklingshemma overførast frå fylkeskommunene til kommunene. Institusjonar vart lagt ned og dei som hadde budd der, vart flytta over til alminnelige boligar i sine heimkommuner.
Medan reforma var under oppsegling vart laget for funksjonshemma i Vang oppretta. Det var mykje som måtte på plass for at kommunen skulle vere rusta til å ta imot desse som no skulle flyttast heim. - Kommunene var jo ikkje førebudd, korkje med tanke på det praktiske eller haldningane, fortel Sigrun Lerhol, leiar i laget.
Alle skal få gå inn same inngang
I dag kjenner dei fleste til begrepet ‘universell utforming’. Bygg og offentlege plassar skal vere tilgjengelege for alle, enten du sit i rullestol, er svaksynt, eller har nedsett hørsel. Slik var det ikkje på 90-talet. - Det var mykje å ta tak i. Det som var så bra var at utvalet som hadde ansvar for HVPU-reforma i Vang var leia av ein politikar, Knut Hålien, slik fikk vi forankra politisk det som måtte endrast på. Han skjønte at alle hadde rett på ein kvardag, fortel Sigrun.
Det vart vedtaksført i kommunestyret at det skulle vere med eit medlem frå laget i alle byggekomiteane. Dette vedtaket står framleis, og dette meiner dei er nokså unikt for Vang sin del. Første pri var boligar, aldersboligar som skulle vere tilrettelagt for bevegelseshemma. Så vart det bestemt at Vangsheimen skulle flytte frå Vangstunet, då var det fokus på det digitale, skinner i taket, store nok bad osv. Laget fikk planteikningar og kom med innspel, sjekka at det var tilrettelagt.
Det var ikkje berre i dei kommunale bygga det måtte endringar til. Laget jobba opp mot næringslivet for at det skulle bli automatiske dører og rullestolramper i butikkar og bank. Somme stader var det mykje motstand, automatiske dører var ikkje billig, og rullestolbrukaren kunne jo berre ringe på så ville dei tilsette kome ut og opne døra?
Det tok tid å få heile lokalsamfunnet til å innsjå at å fjerne tersklane var viktig for å fjerne stigma og utanforskap. Styremedlemmane hugsar godt trygdesjef Torstein Haugen, som ordna med rullestolrampe ved hovudinngangen i kyrkja. Nokon meinte rullestolbrukarane kunne nytte den bakre inngangen som låg på bakkeplan, med då var trygdesjefen klår og tydeleg; Alle skal få gå inn same inngang i kyrkja.
Når funksjonsnivået endrar seg
I snitt vil alle menneske oppleve nedsett funksjonsnivå i 14 år av sitt liv. Dei fleste av oss vil få dårlegare syn, hørsel, balanse og førlegheit som gjer at vi set pris på at det finst eit gelender, ei rampe eller ein heis. Eller vi kan kome ut for ei ulykke som gjer at vi brått ser utfordringar vi ikkje har tenkt på før.
Gullborg Berge var utsatt for ei trafikkulykke i 1982 og sit i rullestol. Då ho kom inn i kommunestyret nokre år seinare fanst det ingen heist på kommunehuset, og ho vart båre inn og ut. Det kom teikning i Valdresen, av Gullborg heist til topps i flaggstanga. Ordføraren fikk teste ein heil dag i rullestol, og til slutt vart det installert trappeklatrer i dette viktige bygget der alle innbyggjarar skal ha tilgang.
I dag er universell utforming ein del av kravet i nye bygg. Og arkitektar har som ein del av utdanninga at dei skal ut i bymiljøet ein dag med svaksyntbriller, rullestol og andre hjelpemiddel for å erfare på kroppen korleis bygg og byplanlegging fungerer for menneske med funksjonsvariasjonar. Likevel er det framleis viktig å få innspel frå dei ulike brukargruppene. - Den som har skoa på må vere fyrlykt, seier Sigrun, - politikarane må bli kjent med oss og forstå kva vi står for, og ha tillit til at vi veit kvar skoen trykker. Det er ikkje fullt ut mogeleg for arkitektar og andre å sette seg inn i korleis livet med funksjonsnedsettingar er.
Blomar og diplom
Styret minnast dei første ungane med funksjonsnedsettingar som skulle blir ein del av vangssamfunnet. - Dei andre elevane tok i mot dei på ein veldig inkluderande møte, som den mest sjølvsagte ting, fortel Ingegjerd Havro, som var lærar på den tida. Dei tok seg av kvarandre og hjalp til, og såg når dei hadde bruk for noko. Og eg opplevde at vi lærarane fikk den hjelpa og rettleiinga vi hadde bruk for. I mange andre kommuner måtte dei slost med ein administrasjon som ville samle elevane med spesielle behov i spesialklasser. Vi ville at dei skulle gå med sine jamngamle, vere med i kvarandre sine bursdagar og bli kjent med sitt eige nærmiljø.
Ressurssterke og aktive foreldre gikk i bresjen, styret nemner Randi Søndrol og Liv Leine blant dei som stod på. – Vi var opptatt av samarbeid, seier Ingegjerd, ting må modnast. Vi måtte stadig minne politikarane på at det var noko som heitte funksjonshemma, så tok dei det med i vedtaka. Eg hugsar ein gong administrasjonen hadde vore på kurs om HVPU-systemet sentralt, «no skjønar eg kva vi har drive med» sa dei då dei kom heim.
- I staden for å kjefte tok vi med blomar og diplom, fortel Sigrun, - og så fikk vi med avisa. Ein kan ikkje kjefte seg til gjennomslag.
Eit mangfaldig fellesskap
Funksjonsvariasjonar kan vere så mangt, og laget for funksjonshemma i Vang ønskjer å vere ein organisasjon for alle som opplev utfordringar i kvardagen. Det kan til dømes vere folk som har vore ramma av slag, har ADHD eller afasi, eller dei mange som opplev nedsett funksjonsevne som ein del av alderdomen. Laget ønskjer å få nye folk inn i styret og nye medlemmar. Dei ønskjer å nå breiare ut om tilbodet og fellesskapet, og håper at dei som jobbar i førstelinja kan bli enno flinkare til å tipse aktuelle folk om å bli med.
Styremedlemmane fortel at dei har hatt stor glede av fellesskapet i laget. Det er godt å ha ein organisasjon som kan jobbe saman, ei støttegruppe for alle som av ulike årsakar har ein krevjande kvardag. Saman er ein sterkare, og mange treng hjelp til å få gjennomslag for sine sakar, eller få kjennskap til kva som finst av tilbod og kva ein har rett på. Laget gir samhald, men også perspektiv – det hjelper ein til å sjå lengre enn sin eigen situasjon.
Laget arrangerer temakveldar på Lund, dei har til dømes hatt førstehjelpskurs, kurs i blomebinding, sminkekurs og matkurs. No og då har dei fått litt midlar og arrangert til dømes ein fullteikna busstur til Gol, med bading på Tropicana. Og kvart år arrangerer dei ein særs populær førjulsfest. Styremedlemmane fortel begeistra om korleis det å sjå gleda som er der, år etter år, det kjem som regel 70-80 stk i alle aldersgrupper. Festen er på Mjøsvang, dei syng julesongar, spis julemiddag og pratar. Nissen kjem sjølvsagt, og delar ut gåver til ungane og alle som fortener ei ekstra påskjønning. Så er det åresal. Ungane elskar det. - Ungdommane også! skyt ein inn, - dei blir stadig med sjølv om dei blir eldre, det er liksom ei sjølvfølge det, at vi skal på førjulsfesten!
Laget er opptatt av mangfald i mange formar, at alle skal kjenne seg velkomne og respektert. Det gjeld også til dømes hudfarge, legning og kjønsuttrykk. - Når alle er med i skulen blir elevane vant med at folk er forskjellige, og det er sånn det skal vere. Inkludering er nøkkelordet! seier styremedlemmane.
Nye kampar
Korona har vore vanskeleg for mange i laget. Folk fikk ikkje den avlastinga dei har krav på, ungane mista skule og det sosiale, og det er noko foreldra merkar godt. – Nokon er veldig prega av det dei mista, fortel Nina Havro. - Overgangar er spesielt vanskeleg. For enkelte blir alle overgangar i skuleløpet planlagt to år i forkant, men under pandemien mista vi alle rutinar og rammer som er ekstra viktige for dei som har særskilte behov.
Kva står så på agendaen for laget framover? No for tida jobbar dei mellom anna med å få på plass tilrettelagte boligar for ungdom som skal flytte heim etter vidaregåande skule. Laget har spelt saka inn til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, som er eit politisk valt og lovpålagt organ i alle kommuner.
Styremedlemmane er opptatt av at dei som har behov må kjenne sin besøkelsestid, og vere med og ta ansvar. Det vil alltid kome nye politikarar og nye tilsette i administrasjonen som ikkje har erfaring, det vil alltid vere behov for opplysningsarbeid og stadig nye kampar.
- Vi må framleis gå med fane fremst i toget for medlemmane våre, seier Nina. – Vi har mykje å jobbe med sjølv om vi har lykkast med mange ting. Nokon gir seg når dei møter motgang, i fellesskap med laget kan ein få krefter til å kjempe ei ekstra runde. Til dømes har det blitt lettare å få gjennomslag for desentralisert-tankegangen, slik at dei som har behov får assistent.
Ein plass å føle seg heime
I september i år døydde Grete Karin Helle. Ho hadde vore aktiv i laget sidan 2008, og etterlet eit stor tomrom i gjengen. – Det er eit stort tap for laget, fortel styremedlemmane. Ho var den som var best til å planlegge, ho var veldig opptatt av at vi skulle ha styremøter, ho passa verkeleg på oss. Ho reiste på samlingane til Norsk Forbund for Utviklingshemmede, og sette stor pris på fellesskapet. Og så var ho den som skaffe mest gevinstar til førjulsfesten, ho kjente på eit veldig ansvar.
Dei pårørande ønska at arva skulle gå til laget, fordi det betydde så mykje for Grete Karin. Ho ga sterkt uttrykk for trivsel og at ho følte seg heime der, og gleda seg over å vere med i styret. Styremedlemmane fortel om andre som har hatt stor glede av fellesskapet og samlingane som blir arrangert. Dei minnest ein slagramma mann som hadde mista all tale, men som song med av full hals på ein av førjulsfestane.
Førjulsfesten 2022 gikk av stabelen 2. desember. Då opplevde styret igjen mykje glede blant medlemmane. Ein ting er i alle fall sikkert – for dei som har ulike utfordringar, store eller små, så er laget ein god plass å kunne føle seg heime.
Faktaboks
- Laget for funksjonshemma i Vang er eit lokallag under Norsk forbund for utviklingshemming, og er ein interesseorganisasjon for alle med funksjonsvariasjonar, uansett alder
- Har fokus på tilgjengelegheit, normalisering og inkludering i samfunnet for at alle skal ha eit så normalt og godt liv som mogeleg på trass av sine utfordringar
- Laget er høyringsinstans for kommunale planer
- Kontaktperson: Sigrun Lerhol, 48 17 91 92
- Arrangerer førjulsfest, kurs og temakveldar
- Alle som ønskjer kan bli medlem eller støttemedlem