E9DFEB3C C4BF 47AB BC1E E0CA0514C058
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Eirik og Jøri tek steget til Vang

Eirik og Jøri tek steget til Vang

03. februar 2022
Eirik Horverak og Jøri Gytre Horverak tek steget over fjellet og startar opp Sense Psykologi og Konsulenttjenester i Vang.

- Det har vore noko me har prata om lenge og har nok vore ein liten draum. Me lever nok litt på filosofen om at me skal gjøre det me synes er artig, smiler Eirik Horverak, dagleg leiar i Sense Psykologi og Konsulenttjenester.

No tek han og kona Jøri Gytre Horverak med seg Bergens-bedriften og startar opp i Vang nokre dagar i månaden. Med leilegheit på Filefjell er det godt rigga for både hyttekos og nye utfordringer i arbeidslivet framover. 

- Dette blir utruleg spennande og me gler oss til å ta fatt på nye, spennande oppdrag. Og ikkje minst å få tilbringe meir tid i Vang, seier Jøri Gytre Horverak. 

 

Lang erfaring 

Eirik og Jøri stifta Sense Psykologi & Konsulenttjenester AS i 2015, og har hovedkontor i Bergen.

Bedriften har vokst til å bli eit solid team bestående av både psykologer, organisasjonsrådgivere og konsulenter. Og no skal altså ein liten del av Sense, bli med til Vang! 

Opprinneleg er Eirik flygeleder, men utdanna seg etterkvart i Washington DC til coach, og seinare som mental trenar ved Olympiatoppen. 

- I tillegg til å vera dagleg leiar for Sense jobber eg også med bedrifter og privatpersoner innan nettopp coaching og mental trening, seier Eirik.

- Utfordringane eg jobbar med varierer i både innhold og omfang, men teamene er som regel retta mot betre beslutninger og prestasjonsutvikling, legg han til. 

Jøri har lang fartstid som psykolog og jobber med fleire områder i Sense; alt frå lederveiledning og teamutvikling, arbeidsmiljø og konflikthåndtering, kurs og foredrag, rådgiving, klinisk psykologi og meire til.

 

Mykje positivitet i Vang 

Både Eirik og Jøri fortel at dei allereie byrjer å få fleire kjente fjes her i bygda, og at dei synes vangsgjeldingen er svært så triveleg å treffe på. 

- Det er utruleg mykje trivelege folk her, og mykje positivitet! Me har også fått god hjelp av Innovangsjon til oppstart og i etableringsfasen her i Vang. Det er me svært takksam for, smiler Eirik. 

Planen no er å starte opp så fort som mogleg, kanskje allereie i slutten av februar. Då vil dei ha base på Kontorfellesskapet 1724 og jobbe derifrå. 

Me ynskjer dei varmt velkomne til Vang, og lykke til med nye utfordringar!