Fullsizeoutput 14C5
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Endre og Anniken vender heim igjen

Endre og Anniken vender heim igjen

06. august 2021
Endre Vik (35) og Anniken Myhre (33) har heile tida hatt ein plan om å flytte heim til Vang. No har dei endeleg landa stødig i heimbygda og skal på sikt ta over garden i Liagardane.

- Planen har alltid vore klar og tydeleg for oss båe to, me skal flytte heim til Vang på sikt. Det er ein god kombinasjon av fleire ting som gjer at vi kasta oss rundt akkurat no, smiler Endre. 

Med ein plan om å ta over garden til Endre sine foreldre i Liagardane, vende dei snuta heim til Vang for snaut fire veker sidan. Med to barn på tre og eitt år bur dei no foreløpig på hytta i Haugastøl, og har planer om å finne eit hus til leige, før dei kan ta over garden neste år. 

Anniken har fått seg jobb som spesialpedagog i vaksenopplæringa, samt logoped i PPT. Endre er sivilingeniør og prosjekteringsleder, og skal ha kontorplass på Synshagen kombinert med litt reising. 

- Det var mykje som gjorde at det klaffa bra å flytte akkurat no. Korona og heimekontor har fremskyndt prosessen, men det avgjerande no var at eg fekk jobb og at me raskt fekk barnehageplass til borna, seier Anniken. 

 

Ser fram til kvardag i Vang

Dei siste åra har Endre og Anniken vore mykje i Vang både i ferier og i helgane. No ser dei fram imot å ikkje lengre ha syndag som fast reisedag og å starte kvardagslivet i heimbygda. 

- Det blir særdeles godt å kunne slippe å reise så mykje og heller ha fast base her i Vang. Me ser fram mot kvardagslivet og meir tid med familie og vener, seier Endre. 

- Dei siste åra har fleire av våre barndomsvener vendt heim og etablert seg i Vang. Det er derfor særs triveleg at me no ser dei oftare og at me er ein god gjeng i sama alder, smiler Anniken. 

Både Endre og Anniken gler seg over å starte eit nytt kapittel i livet og å snart koma skikkeleg på plass. Med skiløype rett utanfor vindauget, kort veg til fjellet for å jakt og turar, er Vang midt i blinken. 

- Med den tilknyttinga me har til bygda, samt alle moglegheiter som finns her, er me komne for å bli. Eg synes Vang har gjort mykje bra for å legge til rette for at alle skal kunne trivast, smiler Anniken. 

No ventar dei kun på å få ta over garden i løpet av neste vår.

- Mine foreldre byggjer nytt hus, såkalt kårhus rett ovanfor vegen på garden. Når dei er klare til å flytte inn dit, tek me over og startar så smått med litt oppussing, seier Endre. 

I mellomtida skal familien nyte å endeleg væra på plass i heimbygda. 

- Me gler oss til å etablere oss og koma på plass etter kvart. No skal me nyte den nye kvardagen og det å endeleg væra vangsgjeldingar på heiltid, smiler Anniken.