- Dette skjedde litt raskare enn eg hadde førebudd meg på. I utgangspunktet hadde me fått beskjed om at domane ikkje ville være klare før enn i haust. Plutseleg opna det seg ein moglegheit for å få dei før, og då måtte eg berre hive meg rundt, smiler Hilde Skrebergene, primus motor i Jotunheiemen Artic Domes.
Det har derfor vore mykje arbeid denne sumaren for å få satt opp to av tre domer på Bygdin, like ved sidan av Høifieldshotellet. Eit prøveprosjekt som allereie er svært godt tatt imot.
- Eg hadde egentleg tenk at eg og familien skulle teste ut ein av domene i sumar, men det har vore fullbooka heilt sidan me satte dei opp. Eg satsar på å få testa dei i løpet av hausten, ler Skrebergene.
Knallstart for domane
Dei to domane på Bygdin er snaut tre veker gamle, likevel er dei allereie mykje besøkt og har berre gode tilbakemeldingar frå gjestane.
- Det har vært ein heilt knall start, og veldig overraskande at det har teke av så fort. Eg var sikker på at me måtte jobbe ein del med markedsføring og reklame, seier Skrebergene.
- Domer ser me jo rundt oss i alle dalfører no, og me veit jo at det er blitt ein populær greie. Eg trur kombinasjonen av nærleik til natur og komfort gjer det til eit veldig godt konsept, som eg har stor tru på, smiler ho.
- I tillegg samarbeider me godt med Bygdin Høifieldshotell om domane, dette er eit prosjekt me har saman. Det at gjestane kan ete både frukost og middag på hotellet om dei ynskjer, er og eit svært godt tilbod, legg ho til.
- At me har med oss hotellet på laget og i ryggen gjer det også tryggare å satse på noko heilt nytt. Me har stor tru på konseptet og gledar oss til å vidareutvikle tilbodet, smiler Skrebergene.
Bærekraftig drift
Det kan sjå ut til at domane har fått stødige bein å gå på, og no kan Hilde konsentrere seg om å utvikle prøveprosjektet vidare og teste ulike idear for framtida.
- Tanken er at me skal drive Jotunheimen Artic Domes så bærekraftig som mogleg, og ikkje etterlate oss nokre spor i naturen, seier Skrebergene.
- Me ser difor på ulike variantar av blant anna golv, solcellepanel, og praktiske løsningar rundt bio do, seier Skrebergene.
Ho fortel at dei har lyst til å teste ut om domane kan stå oppe i vintersesongen, men om dette fortsatt er noko usikkert.
- Me har også svært lyst til å tilby ulike aktivitets og opplevingspakkar. Det er utruleg mange flinke aktørar som driv med mykje spennande her i området. Det å kunne samarbeide med dei er noko me ser på som svært givande og veldig kult, smiler Skrebergene.
- No gler me oss til framtida, i løpet av hausten skal nok ei dome opp på Bygdin. Det blir svært spennande så sjå koreleis tilbodet utivklar seg og blir tatt imot framover, legg ho til.