Anbod på utbygging av fem breibandsprosjekt i Vang går ut til påske, samstundes er fire nye område med i årets regionale søknad.
– Vi håper å skrive under avtale med utbyggar på denne sida av sumaren, seier Aslag Hamre, prosjektleiar i Valdres Natur og Kulturpark (VNK). Dei koordinerer regionale søknadar på breibandsutbygging i Valdres der fem av åtte prioriterte områder i fjor låg i Vang.
Øvre Dalen, Mjøsvang, Åsvang, Tørpegardane og Ryfoss er områda som skal få breiband så snøgt som rå etter at det vart løyvd såkalla Nkom-midlar til prosjekta i fjor haust.
– Det er greit å presisere at det framleis trengs lønnsemd i prosjekta for at dei skal verta realisert. Det gjeld både å melde interesse for å kople seg på, eller å leggja ned arbeid i infrastrukturen, seier Hamre.
Grendevis utbygging
Førre veke var breiband igjen på agendaen under eit møte i Vang. Ved sidan av VNK og kommunen var Vang Energiverk med for å oppdatere om dagens status og teknisk infrastruktur.
– Det ser ut som Høre, Vennis, Øye og Hensgardane vert med i denne runda, fortel ordførar Vidar Eltun.
Det er altså snakk om ein søknad om støtte til å byggje ut breiband i enkeltgrender heile regionen som vert sendt inn etter påske. I fjor var Valdres einaste prosjekt i Oppland som fekk midlar, og dei fleste av utbyggingsområda i fjorårets søknad var i Vang.
– Vi håpar sjølvsagt at søknaden går gjennom også i år. Kjapt nett er ein føresetnad for mange familiar og næringsdrivande. Samstundes er det nok urealistisk at alle i Vang får fiber til veggen. Vi lyt også sjå på andre teknologiske løysingar enn fiber for enkelte husstandar, seier Eltun.