IMG 4190
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fekk babytepper av strikkekafeen

Fekk babytepper av strikkekafeen

07. februar 2023
Tradisjon tru delte strikkekafeen på Haukåsen ut flotte babytepper til dei nyfødte barna i Vang!

- Dette er ein utruleg flott tradisjon me har holdt på med i 10 år snart. Det er ein veldig fin måte å ynskje nyfødte barn i bygda velkomne på, seier Kari Hagaseth, leiar i Vang husflidslag. 

Strikkeentusiastane på Haukåsen har holdt koken med utdeling sidan 2013, det var det aller fyrste året dei samla nyfødte i Vang og deira foreldre til overrekkelse av tepper. Sidan den gong er dette blitt ein trufast tradisjon; kvart halvår er det utdeling. 

- Me starter gjerne med litt servering av mat, kaffe og kaker, ofte syng me nokre songer, før me deler ut tepper til barna, seier Sølvi Havro, pådriver av strikkekafeen på Haukåsen. 

- Det er skikkeleg kjekt å få hilse på nye Vangsgjeldinger og gje dei ein varm start på tilværelsen. Så blir me jo litt kjent med både dei og foreldra, og det er veldig triveleg, legg ho til. 

Gjennom pandemien har det vore levering av tepper på døra, då det ikkje har vore mogleg å kunne treffast for høgtideleg overrekkelse. 

- Det er difor ekstra stas at me no kan møtast og fortsette denne fine tradisjonen, smiler Hagaseth.

 

Viktig tradisjon i bygda 

Kvar einaste tysdag gjennom nesten heile året, møtes damene til strikkekafé på Haukåsen. Nokre har med seg handarbeid, nokre kjem for det sosiale - det viktigaste er at dei har ein fast møteplass kvar veke. 

- Me er vel mellom 10-20 damer kvar veke, det varierer sjølvsagt noko, men det er alltid folk her, smiler Havro. 

Sølvi er i bresjen for strikkekafeen og sørger for kaffe, lapper og fyr i ovnen. Her skapes ikkje berre flott handarbeid, her skapes også minner og nye vennskap. 

- Det er ein fin gjeng som er her og ein blir jo godt kjent når ein møtes slik kvar veke, seier Havro. 

Ho fortel at i tillegg til å ha strikkekafé på tysdager, så reiser dei også på årlege utflukter saman. 

- Utfluktene våre er stor stas og noko me gjer for å få litt inspirasjon, oppleve nye plassar og berre ha det kjekt i lag. Akkurat under korona har det ligget litt brakk, men me er klare for å ta opp at tråden no, smiler ho. 

- No gler me oss til å ta fatt på nye prosjekter, og sjølvsagt fortsette å møtast kvar tysdag til både handarbeid og sosialt, avsluttar Havro. 

 

Sjå fleire bileter frå den trivelege utdelinga lengre ned på sida.