92B91BC7 C1E1 43D7 A346 A2691498469E
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fekk livets finaste minnebok

Fekk livets finaste minnebok

13. mai 2022
Elevar ved 7. klasse har i ei lengre periode skreve bok om bebuarane på Vangsheimen. I dag var det tid for høgtidelig overrekkelse av kanskje livets fineste minnebok!

Alle forfattarane i 7.klasse stilte i dag opp til høgtidelig og fin overrekkelse og utgivelse av boka dei den siste tida har arbeida med. I grupper har dei over fleire veker intervjua kvar sin bebuar på Vangsheimen, med hensikt om å tilslutt trykke ¨Livets minnebok¨ til kvar og ein av dei.  

Prosjektet blei starta i forbindelse med Covid19, for å motvirke ensomhet blant eldre. Det vart då søkt om midlar til nettopp dette prosjektet, der målet var generasjonsmøte mellom eldre og ungdom. På Solgløtt Dagsenter starta prosjektet opp høsten 2021, og ungdom frå 7. klasse ved VBU kom på besøk for å intervjue, samle inn både bilder og data, samt prate med deri eldre og høyre deira livshistorie. 

Sluttproduktet er no blitt ei minnebok kvar og ein av dei eldre får til odel og eige! 

Dagen starta med flott musikk, før det vart ei opningstale både frå personale på Vangsheimen og nokre jenter frå 7. klasse. Dei fortalte om ei givande og lærerik opplevelse, at dei har lærte gamle ord og uttrykk og at det alltid har vore knallgod stemning! 

Etter pizza, pratefest og sang var det klart for overrekkelse av boka. Dette vekte stor begeistring og stolthet blant både den yngre og eldre garde. Saman bladde dei i minneboka og forfattarane fikk fortelje og vise fram. 

Prosjektet heiter livets minnebok, men uten å overdrive kan me nok trygt kalle det for livets finaste minnebok!

 

Sjå fleire bileter frå dagen nedanfor.