– Det har vore artige år som leiar, men eg føler no det er naturleg å gje seg, fortel avtroppande leiar Marianne Berge.
Dermed leiter valkomiteen til FK Vang etter ein arvtakar som leiar for klubben som vart stifta i 1991.
Ein breiddeklubb
FK Vang er ein lokalklubb av tradisjonelt merkje. Det er dei aldersbestemte laga som er i fokus for mesteparten av styrearbeidet, samstundes har FK Vang som ein av få lokale klubbar også eit seniorlag.
– Vi har gode kandidatar til alle dei andre rollene i styret, men vi har ikkje funne fram til leiar, samt at vi ser etter ein til sportsleg utval, fortel Unni Sandsengen som leiar valkomiteen.
Årsmøte er måndag 13. mars klokka 19:30 i klubbhuset på Tveit stadion.
Varierte oppgåver
Ved sidan av å leie styremøter er det eit sett med andre ansvarsoppgåver knytt til drifta av ein breiddeklubb som FK Vang.
– Det er ein del å setja seg inn i, men eg brukar sjølvsagt den tida som trengst for å setja den nye leiaren inn i alle rutinar, fortel avtroppande leiar Berge.
Dette er dei viktigaste oppgåvene som leiar:
- Sette agenda for styremøter
- Overordna ansvar for strategi og planar
- Pressekontakt for klubben
- Ansvar for dagleg drift/administrative rutiner
Er du interessert i å ta i eit tak for fotballen i Vang? Kontakt Unni Sandsengen som leiar valkomiteen: unnis2009@live.no // 95089302
Lurar du på meir om kva vervet som leiar i FK Vang betyr av oppgåver og ansvar, kontakt avtroppande leiar Marianne Berge: marianne@ryfossbetong.no // 907 54 260