Åsvang skule er i aktiv bruk året gjennom og Vang kommune skipar no til folkemøte for å sjå på korleis det gamle skulebyggjet skal nytjast i tida som kjem.
Bakgrunnen for møtet er ein ide om å utvikle Åsvang til ei kulturscene ved sidan av rolla som samlingspunkt i bygda.
– Frå kommunalt hald er dette ein ide vi ynskjer å sjå om er realistisk å få til på Åsvang. Det fordrar sjølvsagt at dette vert ei god løysing for dagens leigetakarar samstundes som det vert rom for dei endringane som krevjast for å få kulturscena til å fungere godt, fortel kulturkonsulent i Vang kommune, Oddbjørn Skeie.
Møtet vert i gymsalen på Åsvang skule sundag 17. februar frå klokka sju.
Agenda
- Status i dag ved Jon Eggen og Egil Haugen.
- Forslag til framtidig bruk ved Oddbjørn Skeie, saksbehandlar på kultur i Vang kommune.
- Løysingar til kva ein kan fylle Åsvang med ved Ragnhild Lund/Henrik Ibsen AS.
- Fase 1-2-3 for eventuell oppgradering av bygget ved Jon Eggen og Ragnhild Lund.
- Avsluttande debatt der alle kan lufte sine meiningar og tankar.
Velkommen!