- Det er svært gjevt og det heng høgt å få tildelt dette merke. Me er svært glade og stolte over å ha fått dette kvalitetsstempelet saman med dei andre reinlaga. Det er eit bevis på at rein frå Jotunheimen er av heilt spesiell kvalitet, seier Øystein Opdal i Fram reinlag.
Norsk geografisk matmerke er ein offentleg merkeordning som sikrer at norske matskattar får det vern og annerkjenning dei har fortjent.
- Dette har vore ein prosess over fleire år dokumentasjon av kvalitet, smak, vekter, vegetasjon, årstider og meir. Me har hatt eit tett og godt samarbeid med dei tre andre reinlaga og kjem til å halde fram med det, smiler Opdal.
Fram reinlag selg mesteparten av sitt kjøtt gjennom Stenaas Reinsdyrslakteri på Røros og Kolonihagen/Rema 1000, og allereie i løpet av neste veke vil matmerke koma emballasjen i butikken.
- Me gler oss stort over dette og litt seinare i haust skal det vera ein offisiell markering og feiring av matmerke me har fått tildelt, seier Opdal.
Fornøgd med årets slakt
Haustens store tradisjon for Fram reinlag på Seksin er godt i gang. Det er samlinga av dyra som avgjer kor mange dyr dei får inn til slakt.
- I utgangspunktet skal 2000 dyr takast ut gjennom slakt, men me greier ikkje alt på ein slik helg. Difor er me svært nøgd om me er oppe i 1500 her på Seksin. Me skal slakte ein gong til føre jul, på Yddin, og då reknar me med å koma opp i 2000 dyr, seier Opdal.
Denne helga vart det slakta 1529 dyr, det utgjer ca. 50 tonn kjøtt. Det er difor gode moglegheitar for å kjøpe kjøtt på Seksin.
- Me har nokre faste kunder som kjem attende kvart år for å kjøpe, samt ein del hyttefolk som er innom for å kjøpe kjøtt. Ellers blir nok mesteparten kjøpt på Steenas Reinsdyrslakteri eller Kolonihagen/Rema 1000, seier Opdal.
Han er godt fornøgd med årets slakting og seier at vektene på reinen i år ser bra ut.
Bok på gang
Som om ikkje det gjeve matmerke var nok, blir det no også skreve bok om tamreindrifta i Jotunheimen.
- Kjell Bitustøyl held på å skrive bok om tamreindrifta i Jotunheimen og fylgjer blant anna Fram reinlag. Her skriv han om historia og opphavet, gjeterane og fjellområdene i Jotunheimen, seier Opdal.
- Me trur det blir ein bok som favnar mykje og vil nå breitt. Både hyttefolk, bygdefolk og andre kjente i området vil nok ha glede av å lese boka, legg han til.
Plana er at boka skal være ferdig i løpet av vinteren / våren 2022.