- Endeleg har Jonas letta på restriksjonar og bedt uss pakke bort tommestokken, så no ligg det tilrette for Fredagskos på ekte vis! Eg gler meg til å samle bygdefolket til ein triveleg kveld på Mjøsvang kafé, seier Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad.
Det blir smaken av Italia på menyen denne kvelden, når Hanne og damene på Mjøsvang diskar opp med smakfull pizzabuffet frå øvste hylle!
Program for kvelden
19.30 Pizzabuffet + presentasjon av nye vangsjeldinger
21.00 Quiz og testing av konkurranseinstinkt
22.00 Godt i glasset, god prat og god stemning!
Pris kr 200,- pr. pers
Nedre aldersgrense: 18 år
Anten du er fersk i bygda eller har vore her i årevis, er du varmt velkomen til ein triveleg kveld i festeleg lag!
Påmelding til ida@vangivaldres.no innan 11. mars.