Våren bankar på døra, og endeleg var det duka for næringsfrukost att! Omlag 30 personar tok turen til Filefjellstuene i går for frukost og ein grundig oppdatering på næringslivet. Denne gangen arrangerte Innovangsjon i samarbeid med Tyin-Filefjell og Vang utvikling.
Øverst på agendaen stod ein grundig gjennomgang frå Tyin-Filefjell om arbeidet dei har gjort og framtidsplanar dei har. Dagleg leiar Eirik Høyme Rogn fortalte om arbeidet med å utvikle området til ein heilårsdestinasjon, og trinnvis korleis dei vil jobbe framover for å få til dette. I tillegg fortalte Jon Rabben Lundby, prosjektsjef for eiendomsutvikling, om kartlegging og planer for sentrumsutvikling. Du kan lese meir om den spennande utviklinga på Tyin-Filefjell her.
Ein ny bedrift har også inntatt bygda; Studio Flatland. Kristine Flatland Larsen var på plass for presentere hennes nyeoppstartede designstudio! Ho jobbar med strategi, kommunikasjon, visuell identitet og grafisk design for små og store firma. Nyleg flytta ho inn på Kontorfellesskapet 1724, og er no klar for å hjelpe Valdres-bedriftene med alt dei måtte lure på innan grafisk design!
Kort oppsummert ein veldig fin samling for næringslivet i Vang. Det skjer mykje spennande i bygda om dagen, så hugs å melde deg på neste næringsfrukost når den tid kjem!