Med grilling, naturstig, ordførarbål og 15 uteovernattarar vart «Friluftslivets år» opna i Vang tysdag kveld.
Kvelden og natta på Åsvang var eit av mange arrangement rundt om i landet i høve oppstarten av «Friluftslivets år». I Vang hadde det tidlegare på kvelden vore gåtur både i Øye og i Ryfoss for å markere dagen.
Her er nokre bilete får kvelden. Stor takk til alle som møtte opp og til primus motor Erlend Hüberstadt.