- Dette blir utruleg spennande og givande å ta fatt på. Eg brenn for at alle skal få vere aktive uansett alder, smiler Inger Kongslien Tveit, prosjektleiar for Aktive saman.
Aktive saman er ein arbeidsmetode, med to formål; Det eine er å gi frivillige organisasjonar og kommuner, eit verktøy for å organisere samarbeidet kring sosial tilhørigheit for sine innbyggjarar.
Det andre er å vise korleis frivillige kan jobbe for å gi støtte til å etablere og oppretthalde tilhørigheit i sosiale nettverk.
Vang frivilligsentral er som ein av 7 pilotar frå heile Norge i dette prosjektet, som er i regi av Norges frivilligsentraler.
- Vi har fått prosjektmidlar til ei 50 % stilling. Inger er no i gang med å informere om prosjektet i fleire arenaer i kommunen. I tillegg skal det på plass ei arbeidsgruppe, med representantar frå kommunen, frivillige lag, skulen, foreldre mm, seier Marte Tangen, leiar for Vang frivilligsentral.
Viktig å bygge grunnmuren
I fyrste omgang handlar det for prosjektleiar, Inger å hente inn informasjon og bygge grunnmuren i prosjektet.
Ho samarbeider tett med skulen for å fange opp barn og unge som ikkje driv med ein fritidsaktivitet.
- Her er jo målet å hjelpe dei som treng hjelp, og få flest mogleg i aktivitet. For, som fritidserklæringa seier; alle barn og unge har rett til å drive med ein fritidsaktivitet, seier Kongslien Tveit.
- Familiar kan ha ulike utfordringar som gjer at ungane ikkje deltek. I dette prosjektet vil vi prøve å finne løysingar uansett kva utfordringa er. Om det er tidsklemma, ugunstig arbeidstid, mangel på bil/førarkort, nettverk, språkutfordringar eller noko heilt anna, spelar ingen rolle, legg ho til.
- Det er viktig for oss å understreke at me alle i dette prosjektet har taushetsplikt, og at me ikkje skal tvinge nokon til å vera med. Dette er heilt frivillig og er kun tenkt som hjelp, seier Tangen.
Når Inger har fått kontakt med familiar som ynskjer å delta i prosjektet, er neste steg å finne ein passande aktivitet, kartlegge kva som er utfordringane, og finne ein senior som kan hjelpe til.
- Seniorane våre er ein stor ressurs for samfunnet, og me veit at det er mange eldre også i Vang som har stor glede av å gjere noko meiningsfullt og vere til nytte. Difor er tanken at dei eldre som ynskjer, skal få hjelpe dei yngre med å koma seg ut i aktivitet, seier Kongslien Tveit.
Verdifull forskning for heile Vang
Sjølv om pilotprosjektet er ferdig etter åtte månader, betyr ikkje det at lærdommen ikkje skal førast vidare.
- Tanken er jo at Aktive saman skal etablere ein struktur eller ein kultur med å fange opp dei som av ulike årsaker fell utanfor. Kanskje ein kan tenke at frivilligsentralen kan bidra i fleire settinger? seier Tangen.
Ho fortel at informasjonen som hentast inn gjennom prosjektet er svært verdifull av fleire grunnar.
- I 2022 er det jo frivillighetens år, og då passar det veldig bra å arbeide med eit slik prosjekt, og gjere frivilligheita tilgjengeleg for enno fleir, smiler Tangen.
- Samstundes med Aktive saman - prosjektet, jobbar også frivilligsentralen i Vang med eit større prosjekt ¨Inkluderande frivillighet¨ , som absolutt kan dra nytte av denne forskninga, legg ho til.
No gler dei seg til å ta fatt på prosjektet, og hjelpe fleire i bygda til å vera aktive saman.
- Vegen blir jo litt til mens ein går. Eg synes dette er eit utruleg flott prosjekt og ser fram til å få bidra, smiler prosjektleiar Inger.
Barnet og familien må sjølv ynskje å delta i prosjektet. Ta kontakt med Inger om du tenkjer dette prosjektet kan vere noko for din familie/ditt barn. Ta også gjerne kontakt om du er ein senior som ønskjer å engasjere deg som frivillig:
97144191 // inger.kongslien.tveit@vang.kommune.no