Små og store i Vang har overflod av aktivitetar å velje mellom denne vinteren med opp mot ti tilbod måndag-torsdag.
– Alpingruppa har lågterskel alpintrening sundagar på Tyin-Filefjell, mens vi held hus i Vangshallen resten av veka. Det er både aerobic både i symjehallen og gymsalen, miniatyr– og pistolskyting, volleyball, handball og turn kvar veke, fortel leiar Hanne Tveit i Vang IL.
Dei har fleire aktive undergrupper og er laget med mest aktivitet på vinteren, og så fort snøen er borte held arbeidet med Makkenparken på Mjøsvang fram. Saman med FK Vang, Vang klatreklubb og Vang innebandy fyller dei Vangshallen alle kveldar i veka.
Høre/Ryfoss IL syter for høg aktivitet i gymsalen i Høre og saman med tilbodet via treningssentert i Ryfoss skjer det mykje i grenda. Fjellblom IL har drege kring 90 på kvart lysløyperenn denne vinteren og har elles skitrening, volleyball og bading på programmet.
For ikkje å gløyme kulturtilbod, kyrkje, frivilligsentral, bibliotek og alle andre som bidreg til aktiv kvardag i Vang!
Er det noko som manglar? Legg det inn her eller send det til hallgrim@vangivaldres.no. Sei også i frå om noko er feil.