- Det blir ikkje stillstand her på fjellet hvert fall, det skjer noko artig kvar einaste dag i påska. Det er berre å melde seg på og glede seg, smiler Katrina Kollbotn.
Hvis du ikkje har lagt planer for påskeveka endå, kan du enkelt og greit leggje dei no, for programmet er smekkfullt og det skjer noko for alle på fjellet denne veka!
- Me har forsøkt å lage eit opplegg for favner både store og små, og som alle kan vera med på. Samtidig skal det vera morsomt å delta på dei ulike arrangementa, seier Kollbotn.
Kappløp i skiheisen og påskeeggjakt
Påska starter med eit brak onsdag 13. april, då er det lagt opp til eit heidundranes kappløp i skiheisen. Arrangementet har fått navnet Reint Morro og går ut på å komme seg gjennom heile skianlegget på kortast mogleg tid.
- Eg trur det blir kjempeartig! Det er start nede ved Tørrisheisen og tidtaking på kvar enkelt deltakar. Etter endt løp blir det sjølvsagt premieutdeling og fest på Filefjellstuene, der alle er velkomne til å bli med. Me håpar og forventer fulle hus denne kvelden, smiler Kollbotn.
- Me har også fått til eit supert samarbeid med Årdalsnett, så det er flotte premier i vente, legg ho til.
Det er også lagt opp til eit barneskirenn i barneheisen onsdag 13. april.
Skjærtorsdag er intet unntak, då er det påskeeggjakt for dei minste i Tørrisheisen. Her får alle barna utdelt eit kart og skal verkeleg på jakt etter godsakene.
- Det er viktig å lage litt artig for barna også, så me fyrer opp grillen og koser oss denne dagen. Det er premie til alle barna som deltar og me håper på god stemning. Kanskje kjem påskeharen og? ler Kollbotn.
Musikkquiz med HITDUO og barneskirenn
Heldigvis er fredagen lang, for då er det lagt opp til fengande live-musikkquiz med bandet HITDUO på skisenteret.
- Det blir livemusikk fra bandet HITDUO som skal guide igjennom quizen for kvelden. Her er det berre å melde på laget sitt og lade opp til ein artig kveld, det blir spørsmål om alt mogleg og ikkje berre musikk. Me setter opp shuttlebusser for å frakte gjester, så det er gode moglegheiter for å komme seg att og fram, smiler Kollbotn.
- Her venter sjølvsagt også heftige premier. Vinnarlaget for kvelden stikk av med heile fire biletter til årets happening; Vinjerock. Så her det gjeld det å skjerpe konkurranseinstinktet, ler ho.
Påskeaften er det lagt opp til barneskirenn i barneheisen, der barn opp til 12 år kan delta.
- Me har stor tru på at dette kjem til å bli ein travel og veldig artig påske. Me satsar på knallsol, mykje folk og fantastisk stemning, smiler Kollbotn.
- Hugs å melde deg på til den eller dei arrangementa du ynskjer. Me håpar å sjå mange i fjellet denne påska!
Du kan sjå heile programmet for påska på fjellet lenger ned på sida.