Onsdag slapp Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral vårprogrammet sitt, og med spennande samarbeid, stor variasjon og fleire faste kveldar har ein mange grunner til å legge turen til biblioteket dei neste månadane.
Musikk og morsmålsdagen
- Som tidlegare år feirar vi morsmålsdagen, denne gongen med ein forrykande trommekonsert av Zwai Mbula, fortel Marte Tangen, leiar for frivilligsentralen.
Det blir fleire musikalske innslag i løpet av våren. Blant anna kjem Frida Ånnevik, som sist laurdag fekk spelemannspris for beste tekstforfattar, til Vang i mai. - Vi er utruleg stolte over å ha fått til ei avtale med Ånnevik, seier Marte, som fortel at musikken til Ånnevik treff både unge og gamle. - Ho trollbind i alle fall oss!
Men aller fyrst startar dei med musikk sundag 05. februar, med klassisk gitar i samspel med både langeleik og fleire dyktige songarar.
"Damer i historien" og utstillingsprogram
For dei som er interessert i foredrag og litteratur finnes det og mykje å velje i. I løpet av våren kan du få med deg foredrag om damer i historia akkompagnert av Thea & The Wild, og teaterkåseri om Vidar Sandbeck.
Lokale lag og foreiningar bidreg og til programmet. - Vi har fleire samarbeid denne våren, både historielaget og turlaget har ansvar for kvar sine temaforedrag, og Vinjerock og miljøstiftelsen ZERO inviterer til temakveld om grøn teknologi, fortel Marte.
I tillegg stiller frivilligsentralen og biblioteket med eit variert utstillingsprogram i galleriet, som favnar både fotokunst, skulpturar, barnekunst og ei vandreutstilling om Margit Sandemo som allereie står oppført.
Faste innslag kvar veke
Fotoklubben og teikneklubben held fram med å møtast annankvar tysdag, og biblioteket held då ope hus fram til kl. 22. -Desse kveldane er det 'clubnight' med generelt mykje liv og røre, fortel Marte.
Norsktime onsdagar og avistime fredagar er faste innslag, i tillegg er lesesirkelen aktiv og veks frå gong til gong. Berre ta kontakt om du ønskjer å hive deg med!
..............................................................................................................................
Velkomen til ein kulturell vår i Vang, og hugs - på biblioteket er det alltid gratis og ope for alle!
Programmet finn du også på nettsidene til Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral.