Besøkstjenesten.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grindaheim Røde Kors hjelpekorps med besøksteneste

Grindaheim Røde Kors hjelpekorps med besøksteneste

15. april 2019

 Å kunne dele ei god samtale og litt god tid med eit medmenneske, er viktig for oss alle, tenkte dei i Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps, og bestemte seg for å dra i gang Røde Kors besøksteneste i Vang.

- Me skal framleis vera ei viktig og god brikke i lokalberedskapen. Samstundes ser me at det å vera med å bidra til at alle sambygdingar har ein god kvardag, er like viktig, fortel leiar Bjørn Olav Søndrol. 

Har du lyst til å høyre meir om Røde Kors besøksteneste? Ta deg ein tur på informasjonsmøte på kommunehuset i Vang onsdag 24. april kl. 19:00.

TID – eit gode me knapt har tid til


Samfunnet er i endring. I dag har me større tilgang på fritidsaktivitetar enn me nokon gong har hatt. Me har så mange måtar å kommunisere på at me knapt rekk å henge med på siste skrik i kommunikasjonsappar! Me har så mange tilbod at TID har vorte eit gode me knapt har tid til! 

Samstundes er einsemd er ei aukande utfordring i dagens samfunn, i alle aldersgrupper. Mange kjenner på at det hadde vore kjekt å ha nokon å prate med, kanskje nokon å rusle ein liten tur saman med eller ta ein kaffekopp saman med. 

Vang – ein god plass å bu


– Vang er ein god plass å bu, seier Søndrol. - Me bryr oss om kvarandre. Me er ikkje så verst flinke til å besøke kvarandre heller. Likevel veit me at einsemd og ynskje om nokon å dele litt god tid med, finns i lokalsamfunnet vårt òg, fortel Søndrol

– Kva kan me finne på for å gjera kvardagen gladare for fleire, spurde me oss om i hjelpekorpset. Svaret var ikkje langt unna. 

Røde Kors – verdas største humanitære organisasjon


- Me er ein del av Røde Kors, verdas største humanitære organisasjon. Det er me stolte av, fortel Inga Bøe, ny aktivitetsleiar i besøkstenesta til Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps.

Røde Kors har ikkje berre beredskapstiltak gjennom hjelpekorps, men òg mange omsorgsaktivitetar.

- Me bestemte oss difor like godt for å dra i gang Røde Kors Besøksteneste, fortel ho. På aktivitetsleiar-laget har ho fått med seg Ingunn Svien. Saman med frivillige besøksvener håpar dei å gleda sambygdingar. 

«Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad»


Har du lyst til å høyre meir om Røde Kors besøksteneste? Ta deg ein tur på informasjonsmøte på kommunehuset i Vang onsdag 24. april kl. 19:00. -

Om du vil vera med i Røde Kors og bidra til at fleire får ein gladare kvardag, er du hjarteleg velkomen med på laget.

Om du berre er nysgjerrig på kva dette er, er du òg hjarteleg velkomen, avsluttar dei tre eldsjelene i Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps!