B2c33a95116ee0244d3caf92bd511c69084be912
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grunnkurs i havkajakk med Vang Turlag

Grunnkurs i havkajakk med Vang Turlag

17. august 2021
Vil du få skikkeleg dreisen på havkajakk? Vang Turlag inviterer til todagers havkajakkurs med Bulder & Brak Opplevingar!
Vang Turlag inviterer til todagers havkajakkurs med Bulder & Brak Opplevingar 28. - 29. august i Årdal.
Kurset har berre 8 plasser, så om du vil vere med, hug ut!
Pris medlem Vang turlag: kr. 2 100,- / ikkje medlem: 2 600,-
Grunnkurs hav varar i ca. 16 timar fordelt på to dagar. Deltakaren vert introdusert til kajakken og utstyret.
Etter fullført kurs har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. I tillegg er deltakaren kjend med enkle tryggleiksrutinar og øvingar, samt korleis ein effektivt manøvrerer kajakken.
 
Delmål: 
- Løfta, bera, sjøsetta og entra kajakken
- Effektiv framoverpadling
- Bakoverpadling og stopp
- Sidelengs forflytting av kajakken
- Lågt støttetak
- Styretak (bak)
- Sving (sveipetak og styretak)
- Ilandstiging
- Sikring av kajakk etter ilandstiging
- Redningsteknikkar
- Skadeførebuing
- Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
- Generell tryggleik og grunnleggande sjøkunnskap
- Generelt om friluftsliv og allemannsretten
- Sporlaus ferdsel
 
Program: 

Laurdag:

0900: Oppmøte Årdal (Seimsdalen eller Årdalsvatnet)
0900 – 1030: Teori og intro
1030 – 1300: Sjøsetting, praktisk øving
1300 – 1400: Lunsj
1400 – 1630: Teknikk og redning
1630 – 1700: Oppsummering
 
Søndag:
0900: Oppmøte etter avtale
0900 – 1000: Turplanlegging
1000 – 1200: Praktiske øvingar / tur
1200 – 1300: Lunsj
1300 – 1600: Tur og praktiske øvingar
1600 – 1700: Vegen vidare og evaluering
Krav til forkunnskap: Ingen
Utstyr du sjølv må ha med: Ullundertøy, ullsokkar, eit skift, mat og drikke, solbriller/skyggelue, varme klede til bruk på land.
Moglegheit for samkøyring frå Vang!
Påmelding til Tor Martin Iversen, tlf 476 41 421