- Det er alltid kjekt å starte sesongen igjen! Ein savner alltid Kyrkjestølen etter vinteren, det er deilig å vera tilbake og ta i mot fjellglade folk, smiler driver Haldis Kollbotn.
For no er døra open, pizzaovnen er fyrt opp, utemøblene er nye, bestillingene er på vei og vertskapet på plass; då er det sommer på Kyrkjestølen! Haldis og Katrina er nok ein gong beredt til å serve både turister og lokalbefolkning.
- Vi ser veldig fram i mot årets sesong, og gleder oss veldig til å møte gjestene våre, seier driver Katrina Kolbotn.
Spent på sommeren
Forrige sesong på Kyrkjestølen var særdeles bra og mange tok turen til fjells! Dog ødela uværet Hans mykje av seinsumaren for Haldis og Katrina.
- Det kom liksom aldri heilt i gang igjen etter uværet, så då var det ein veldig roleg periode. Heldigvis fekk vi sol og bra med besøk siste helga vi hadde ope, så då vart det ein fin avslutning likevel, smiler Haldis.
Ho fortel at dei no er spent på årets trafikk. Allereie har det kome bra med bestillingar for overnatting.
- Me har jo litt ynskjer og tanker for årets sesong. Blant anna har me lyst til å arrangere kompar og quiz nokre torsdager gjennom sesongen. Håpet er at folk kan samles her og kose seg, seier Katrina.
- Me har fått på plass ein solid quizmaster også, ler ho.
Ho fortel at dei og har lyst til å arrangere ei yogahelg i løpet av sommaren, men at dette fortsatt må planlegges nærmare.
- Det er mykje me har lyst til å få til. Ein ting om gongen, men det lønner seg å følge med på Facebook-sida vår for oppdateringar gjennom sesongen, smiler Katrina.
- Kafeen er open kvar dag, og du kan kjøpe både kaffe, pizza og kaker! Velkommen til fjells, smiler vertskapet.