Legg at kroner hjå dei næringsdrivande i Vang - sikre deg eit tilbod i framtida, varer av beste kvalitet og eit Vangsminne for livet.
– Dette er tida for å handle! Anten det er snakk om mat, opplevingar, ferie eller varer har vi eit solid utval i bygda som både vi vangsjgjeldingar og fritidsgjester kan nytte i endå større grad, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.
Difor har kommunen i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytte-eigarar og Innovangsjon drege i gang ei lokal handelskampanje.
– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020. For dette får du litt ulike ting alt ettersom kvar du har brukt pengane, mens hovudpremien er ein kaffikopp produsert i begrensa opplag.
Eltun understrekar at sjølve koppen er underordna her og at det å bidra til bedriftene og få betre kjennskap til alle tilboda i Vang er hovudprioritet. Samstundes ser han på koppen som såpass gjev at han sjølv står lang fram i køa for å sikre seg ein.
- Denne skal vera eit eksklusivt minne til alle som vangsgjeldingar og hytteeigarar strakk seg litt ekstra for sambygdingar i ei krisetid. Me bestiller 100 stk, men kjem vi i den situasjonen at det går ut 100 koppar i løpet av året så skal vi jammen få designa opp ein versjon to og bestille 100 til, forsikrar Eltun.
Kampanjereglar
For å lande koppen lyt du gjennomføre 15 kjøp hjå næringsdrivande i Vang (vi tel ikkje med ordinær daglegvarehandel. Lokalmathandel i daglegvarebutikk er med). Det er også nokre underkategoriar som sikrar meir innhald i koppen.
Fem kjøp - Lokalmat eller lokalt design/handverk – Valdres-pin
Fem kjøp - Varehandel inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære, sport – Vang-pin
Fem kjøp - Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar – Bonuskopp Valdres Sparebank
Du kan dokumentere med lenker til sosiale medium, opplasting av produktbilete eller kvitteringar - eller gjennom fritekst. Vi stoler på deg! Alternativt sender du ein e-post til hallgrim@vangivaldres.no med dokumentasjon.
Kampanjen varer ut 2020 og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytje #vangivaldres.
Sjekk også ut kampanjen «småjobber i hytte og hus».
– Du gjer ein forskjell
Ordføraren er heilt overtydd om at ei samanslutning av bygdefolk og hyttefolk kan gjera ein forskjell for dei næringsdrivande i tida som kjem.
– Kjøper du sykkel hjå Intersport Filefjell eller kappsag hjå Montér Kvismo er du sikra god service om noko skulle skje, samstundes som du får ein konkurransedyktig pris og bidreg til å koma over likviditetskrisa som brått kom. Her kan alle gjera ein forskjell og kjøpe i bygda det som er å oppdrive i bygda.
Han har også ein ambisjon om å tømme lagra for lokalmatprodusentar og auke ordreboka for alle som driv innanfor turisme og oppleving.
- Maten er av høgare kvalitet, historia er betre og kjennskapen til både folka og verdikjeda er vel verdt å betale for. Elles er opplevingar det beste du kan gje nokon du er glad i og noko som inneheld mat, overnatting eller guiding i fjella i Vang lyt vera eit godt prov på omtanke!