Før jul flytta Hans Mikkel Melhus saman med kjærast og bakaromn til Vennis. Etter nokre veker med prøvebaking tilbyr han handverksbakst til folket frå og med måndag.
– Brøda er baka i steinovn på Vennis med økologisk steinmale mjøl frå Holli mølle og eg legg opp til to faste bakedagar no i starten, fortel Hans Mikkel.
Han er opphavleg trønder og fullførar for tida ein mastergrad i tradisjonskunst i Rauland med fele som hovudinstrument. Her møtte han kjærasten Juliana Bonin frå Vang som master i tradisjonell metallkunst, og saman flytta dei altså til Vennis og Vang før jul.
Eg vil ha brød - kva gjer eg?
Tysdag og fredag er dagar for baking og utkøyring no i starten. Både heimlevering i postkasse og henting på avtalt plass er alternativ.
Det er tre variantar å velje mellom som båe nytter berre økologisk mjøl:
Landbrød, 850 gram ( kr. 50,-)
Inneheld: sikta kveite, sammale ølandskveite, sammale spelt, surdeig*, salt)
Vennisbrød, 850 gram (kr.55,-)
Inneheld: sammale spelt, sikta kveite, surdeig, salt)
Grovbrød heilgrovt, 850 gram (kr 55,-)
Inneheld: Sammale svedjerug, sammale spelt, sikta kveite, solsikkekjerner, surdeig og salt)
Legg inn bestilling til hansmmhus@gmail.com eller på tlf: 47254166 seinast to dagar før baking (handverksbakst skal ha lang hevetid..)
Betaling skjer med VIPPS til nummer 47254166 eller med kort/kontant ved levering. For alle som set seg opp til fast abonnement kan ein betala kvar månad.
Nettsida vennisbakeriet.no er oppe å gå i løpet av kort tid.
Og ja, godt bekrefta rykter frå prøvesmaking lover saftig surdeigsbakst med sprø skorpe.