Saman med frivillige lag, barnehagar, eldsjeler og banken tilbyr Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek mykje snadder denne hausten.
– Programmet er som vanleg nesten litt tettare enn vi føler vi har tid til, men gode samarbeid med både frivillige lag, barnehagar og banken gjer det mogeleg å vere ambisiøse, fortrel dagleg leiar ved Vang frivilligsentral, Marte Tangen.
Med på laget denne hausten er sterke lokale ressursar som Helge Haugen, Julie Forchhammer, Thor Østbye og Nils Thune. I tillegg stiller kjente namn som Vigdis Hjort og Oddgeir Bruaset.
– Ekstra stas er det jo at sjølvaste NRK-profil Erik Wold kjem for å leie valdebatten med våre lokale listetoppar!
Nytt blant dei faste aktivitetane er at filmkveldane i haust skal by på klassikarar - eit program for alle visningane vil bli sett opp.
– Publikum er sjølvsagt velkomne til å kome med forslag!
- Sjå programmet her (Du kan sjølvsagt printe det ut og henge opp heime eller på arbeidsplassen ;-))