Bilde 02.09.2024 Klokken 13.30
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustutstlling i Vang med glaskunstnaren Ida Siebke

Haustutstlling i Vang med glaskunstnaren Ida Siebke

03. september 2024
Ida Siebke (f.1991) har dei siste åra markert seg via deltaking på fleire sentrale utstillingar. Ho har blitt kjøpt inn av mellom anna KODE og Nasjonalmuseet, og er tildelt Statens Kunstnarstipend.

Siebke arbeidar først og fremst med glas, eit materiale ho byrja å arbeide med allereie som sekstenåring ved Kosta Glascenter i Småland. Ho trekk gjerne inn andre materiale, som ol dømes fugeskum som vi kan sjå i fleire av verka hennar i denne utsillinga.

Den raude tråden i Siebke siA arbeide er psyken, og ho legg ikkje skjul på at ho tar utgangspunkt i eige liv og erfaring. Ho har tidlegare tatt føre seg tematikk som depresjon, angst og overgrep; tilstandar, kjensler og omgrep som ho omset til konkrete skulpturar i eit ønske om å forminske tabu, og normalisere samtalen rundt det som kan vere vondt.

Dette seier ho om si eige prosess: «Når eg held i det varme glaset kan eg ikkje sette det frå meg eller sjå på det, eller ta ei pause. Eg er nøydd til å halde det i konstant bevegelse og det blir dermed ei forlenging av meg sjølv. Dette likar eg, og eg elskar korleis det krev heile mitt fokus. Eit fokus eg ikkje finn andre stadar. Dette gjer meg moglegheit til å gi form til, og konkretisere den abstrakte tanken, kjensla eller sinnstilstanden som eg er i. Eg ser inga avgrensing i glaset utover mine eigne; berre moglegheiter. Og eg freistar å presse både mine og glaset sine grenser inn i den intutitve arbeidsprosessen på same tid.»

Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen till ei spanande utstilling med opning fredag 6. september kl. 18.00. på Vang folkebibliotek. Kunstnaren vil være  tilstades. Du vil få høyre Susanne Engelmann på cello, og det blir enkel servering.

Utstillinga vert ståande til 27. september og kan besøkast i biblioteket/frivillighetssentralen si opningsytid. Plakatdesign ved Ingrid Wigdel.

Kunstutvalet v/Marianne Isachsen