Fleire proffe krefter går saman om å lage ein storskala musikkvideo for bandet Kalandra filma i fjella i Vang.
– Frå eit bandperspektiv er det viktig å presentere musikken vår på ein overbevisande måte, samstundes gjev dette verdi til både produksjonsselskapet bak og plassen vi skyt. Difor er det stas at vi no har landa produksjonen til Vang, fortel Jogeir Daae Meland, vangsgjeldingen bak bandet Kalandra.
Dei skal altså lage sin fyrste store musikkvideo denne vinteren. For å få til dette samarbeidar dei tett med Ragnarok film og Location Vang.
– Ragnarok film sitt uttrykk ligg tett opp mot det vi føler Kalandra står for og eit samarbeid kjenst særs naturleg. At LocationVang er oppe og går har gjort prosessen med å få realisert dette i Vang mogleg. Vi er eit trekløver som kan få det beste ut av kvarandre, meiner Daae Mæland.
Opptaksperioda er 25.–31. mars og det meste vil gå føre seg i området kring Tyin. Det ferdige resultatet vert klart i løpet av nokre veker etter dette og skal gjennom kortfilmfestivalar og musikkfilmfestivalar gjennom sommaren før den vert slept i høve den nye Kalandra-plata i oktober.
Debut for LocationVang
Alt det praktiske bak produksjonen står Location Vang ved Ragnhild Lund for. Dette er fyrste filmproduksjon for det nystarta initiativet.
– Etter møtet med produksjonsfolka her i Vang er eg overtydd om at dette vert eit solid resultat og særs god reklame for Vang. For min del handlar det no om å levere det Ragnarok treng for at planane for filmen skal la seg realisere her i Vang, fortel Lund.
Ho er difor i gang med smått og stort av praktiske gjeremål for å førebu seg.
- Det største av praktiske ting er at vi lyt frakte 20 bjørketre opp til Tyin. Ellers trengs det to handy folk som kan bidra til design av settet, samt at eg leitar etter rette overnattinga til arbeidarane og nokon som kan lage mat til gjengen i nokre dagar, fortel Lund.
Dei som kan bidra på eit eller anna vis kan kontakte Lund direkte: ronnie.lund@gmail.com // 970 37 032
Dette er for øvrig ikkje fyrste gong Kalandra spelar inn musikkvideo i Vang. Låta Not some fairytale vart spelt inn i Vang ved hjelp av gode vener for nokre år sidan.
Med over 33.000 syningar på youtube syner det noko av potensialet som ligg musikkvideoformatet.