Fullsizeoutput 153E
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Held Låvemuseet ope året rundt

Held Låvemuseet ope året rundt

21. august 2021
I heile sumar har Aud Kvale halde omsvisning på Låvemuseet heime på garden i Øvre Dalen. No utvidar ho tilbodet og held like så greit ope heile året rundt.

- Eg har tenkt at eg like så greit kan halde ope heile året rundt, eg er jo her uansett, smiler Aud Kvale. 

Kvar syndag heile året rundt kjem Kvåle til å halde Låvemuseet heime på garden ope for framsyning, mellom 10-14.

Og om du er svært huga innom midt i veka - ja, så er det berre å ringje, for Aud opnar gladeleg låvedøra om ho har moglegheit. 

 

Flunkande ny heimeside 

På tross av at ho har halde dørane ope i heile sumar, har det vore ein relativt roleg sesong for Aud på Hermundstadhaugen. Kvale mistar ikkje motet av den grunn. 

Nyleg fekk ho på plass ein flunkande ny heimeside for Låvemuseet, med informasjon på fire forskjellige språk.

- Eg har fått svært god hjelp av Ingrid i Ingridesign, det er ho som har satt opp og ordna i stand heile sida, smiler Kvale. 

Ho har stor tru på at betre markedsføring og info gjer det lettare for både lokale og turistar å finne vegen til museumet på låven. 

- I haust kjem det og opp eit informasjonsskilt like ved Kongevegen sine skilt utanfor her, det trur eg blir veldig bra. No gler eg meg til å halde ope heile året rundt, det blir spennande, smiler Kvale.