- Vi gler oss veldig til å lage god stemning med musikk og humor, og håper at folk vil ta turen til Åsvang for ein triveleg kveld, smiler Jon Eggen i Fjellblom musikklag.
For den 16. og 17. mars klokka 19.00 arrangerer nemleg musikklaget ein konsert i det humoristiske hjørnet! Med seg på laget har dei forskjellige gjesteartister som med kvar sine bidrag skal vera med å gjere kvelden heilt komplett. Og for ikkje å gløyme - verdas nest minste kommentatorboks inntek scena, og skal fritt improvisere under heile programmet.
- Det trur vi blir veldig artig! Me har fått med to veldig dyktige og artige karer - Vidar Eltun og Arne Belsheim, som saman med resten av gjengen skal gjere dette til ein morosam og uforglemmelig aften, seier Eggen.
Storbandmusikk skal klinge i heile salen
Det er ingen tvil om at det blir morosamt denne kvelden, og Fjellblom musikklag skal sette stemninga med å spille eit spennande og variert repertoar for publikum.
- Det blir sjølvsagt storbandmusikk! Og det blir ein ordentlig scenerigg med god lyd og lys, slik at det verkeleg skal svinge både på scena og i salen, fortel Eggen.
- Vår dirigent og musikalske leiar, Jostein Hillestad har jobba mykje med at Fjellblom skal svinge godt denne kvelden, så me gler oss veldig til å få spille, legg han til.
Saman med musikklaget skal også unge lovande blåsarar få vera med å sette stemningen denne kvelden.
- Her er det berre å halde av datoene, og ta turen til Åsvang for ein artig og triveleg aften, seier Eggen.
Sjå fullstendig program på plakaten nedanfor.