Avisa Valdres sin debattserie 'Hytteparadokset' satte i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet, og no ønskjer vi å løfte diskusjonen i Vang. Velkomen til samtaler og debatt på Vang folkebibliotek onsdag 8. juni kl 19!
Vi spør oss;
* Er hyttetomter ein utømmeleg ressurs - korleis ser vi på arealbruk og næringsutvikling i eit langsiktig perspektiv?
* Kva må vi ta med oss i planlegginga av framtidas hyttebygging?
Fredensborg Fritid presenterer sine tankar om utviklinga på Filefjell, det blir samtaler med grunneigar Torstein Grøv, koordinator i Forum for natur og friluft Innlandet Morten Aas, og kanskje fleir, før våre lokale politikarar rundar av kvelden med ein paneldebatt.
Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i Avisa Valdres leiar samtalene og debatten.